søndag 18. desember 2011

vakkert og skremmande

Av og til seier bilder meir enn tusen ord. Monstermaster gå og legg dokke! Eg håper vindmøllene mine held seg på veggen, men skulle det gå heilt galt, så er heldigvis Don Quijote aldri langt unna..









torsdag 15. desember 2011

Lett å velge rett?

I dag måtte eg hoppe av bussen før eg var framme der eg skulle av fordi eg var så kvalm. Eg blir rett og slett bussjuk pga bråstopp og bråstart, varme, stress og eksos. Og ekstra ille er det i rushtida. Bussen blir ståande i same køen som alle bilane, og eksosen frå bilkøen smyge seg inn i busslufta. Men likevel så held eg på mitt. Bussane går nokså ofte, og dei går dit eg skal til å frå. Det er ekstremt mykje billigare enn å ha ein ekstra bil, og eg liker å tru at det er meir miljøvennlig og sånn totalt sett. Nokre dager er bedre enn andre, men det hender som i dag at bussen blir ståande i stampe og eg blir kvalm. Det er sånne dager eg tenker at aldri meir; nå kjøper eg meg bil.

Det er derfor eg håper at isfrontane i bybanesaken mjuknar opp. Og at alle innser at til tross for vanvittig mykje høgare investerings- og driftsutgifter, så er det mykje meir realistisk å få folk til å ta bybane enn buss. Rett og slett fordi dei ikkje orker å sitte i kø og bli kvalme og eksosforgifta. Dersom folk skal velge kollektivt, må det vere lett å velge kollektivt. Det er nemlig ikkje alle som har like høg buss-stayerpower som meg



Ser med glede at Gunnhild Stordalen har starta ein miljøstiftelse, Greenudge, som skal jobbe for å gjere det lett å velge rett. Grunntanken bak organisasjonen går i at det skal bli enklare for folk flest å gjere dei gode valga i kvardagen. Det er rett og slett det me treng for å bli litt bedre her og nå, i og med at dei store internasjonale avtalane blir skjøvne fram i tid. Eg syns det er flott at ressurs- og pengesterke kjendisar går i bresjen for ein god sak. Dei små endringane i kvardagen er ikkje så sexy i seg sjøl, men kan bli ganske flotte med ein gallionsfigur i front :)