søndag 27. mars 2011

Lynkur for klimaet?

I går skrudde me tradisjonen tru av lysa i ein time mens me stappa i oss ost og frukt og spelte brettspel i ei lun og vedfyrt stove. Earth hour gjorde i Rogaland eit utslag på 19 megawatt, eller effekten for å drive 475.000 40watts lyspærer. Dette er vel lite i det store bildet, men tilsvarer likevel levert effekt frå 8 HyWindmøller eller 25% av HøgJæren EnergiPark. Altså kunne me latt vær å bygge 25% av vindmøllene på HøgJæren ved å redusere energiforbruket på jabnå tilsvarande det me skrudde av i går. Og det burde ver fryktelig mulig.. Dei kWh-ane me lar vær å bruke er dei absolutt billigaste, nokon av dei til og med heilt gratis. Som dei me sparer på å skru av lyset når det ikkje treng å vere på. Utbygging av nye kraftverk om aldri så fornybare kostar mykje mykje meir


Eg kjøper argumenta frå antiearthouristane om at det i det lange løp betyr fuck all ingenting at skular, barnehagar og kontorbygg skur av lyset ein time ein lørdag i året. Det burde jo vore sjølsagt at alle bygg utan kvelds- og helgeverksemd skrur av lyset kvar kveld og helg heile året.. og gjerne kjøre kvelds- og helgesenking av temperatur og di i tillegg

Likevel meiner eg WWF's  initiativ EarthHour er viktig for å vise at det blir ein målbar effekt av at så mange (134 land, 4000 byar og kommunar, 1600 signalbygg) klarer å mobilisere og utføre ei faktisk handling for eit felles mål. Med vår tids ufattelige mulighet for kringkasting gjennom internett og sosiale medier burde det være håp for at me kan få til ein bindande global klimaavtale og faktisk få den gjennomført. Svaret på det evige spørsmålet om "kva skjer om alle på jorda hopper samtidg?" treng ikkje vere så langt unna

torsdag 24. mars 2011

Det du tar for gitt, tar vi på alvor

Har gitt meg i kast med boka "Den økologiske have", en dansk vejledning i økologsik havebrug, frå slutten av 80-talet. Kan eg komme nærmare den bærekraftige livsstilen ved å endre hagen vår til ein økologisk oase? Det er iallefall masse inspirasjon å hentel. Det pedagogiske aspektet er viktig for både voksne og barn og lovnader om en hage der insekter summede og pindsvinet gikk tur med ungene virker lokkande. Det var egentlig kapittelet om kompost som trigga interessa for fullt. Det anslås i boka at ein familie kan redusere årleg avfallsmengd med 150 kg organisk avfall i året, som til neste år i tillegg kan brukes som gjødsel.

Med iver og entusiasme ringte eg kommunalteknisk avdeling i Sandnes kommune, ein av Norges Framtidens Byer. Dei opererer under mottoet "Det du tar for gitt, tar vi på alvor", og jammen vart eg ikkje møtt av ei blid dame som bad meg sende inn ei enkel eisides søknadsskjema om å få lov å heimekompostere. Kompostbingen, som for øvrig ber navnet "KompostBjørn" (bare for å gni inn Bjørn sin hageentusiasme), vil bli levert på døra innan kort tid, og me får eit gratis komposteringskurs hos Ingvald Erga i Grønn Hverdag på kjøpet. Virker som han har generellt god peiling på økologisk hagebruk, så viss me er flittige elevar, så klarer me kanskje å endre hagen vår frå HøgJærens HQ for Skvallerkål til noko vakkert og matnyttig der pinnsvina vil vandre. Syns dette var sprekt levert av Sandnes kommune, og eg gler meg til fortsetjinga

fredag 18. mars 2011

Mat eller søppel?

Eg såg ein dokumentar på NRK nett-tv i dag om kor store mengder mat som blir kasta her i vesten. Det var snakk om at det me kaster her kunne metta den tredje verden tre gonger (arrestér meg om eg husker feil). Litt vemmelig å tenke på. Då er mat for billig tenker eg, når me har råd til å kaste så store mengder fullt brukbar mat. Eg forstår jo at det kan vere ei utfordring både for matforretninger, privatpersonar og institusjonar å berekne kor mykje som går med i forhold til holdbarhet. Men i heimen vår har me iallefall innført ein stor mathandel i veka der me har planlagt middagsmeny for kvar dag. Me kaster merkbart mindre mat no enn før, uten at eg kan talfeste det

I dokumentaren var det to tyskarar som fekk 90% av maten sin frå søpla til matforretningar. Berre synd at desse blir gjort kriminelle når dei egentlig berre stjel avfall som butikkane er glade for å bli kvitt! Tragisk at ikkje butikkane kunne gitt vekk denne maten med glede. Ein kjenning av sameiget BÅS (Bjørn, Åsta, Sindre. Ja eg, Bjørn og Sindre eig huset på Sandnes i lag og har felles husholdning. Ei sann glede å kunne dele på utgifter og matlaging :)) lever tidvis på denne måten. Han har robba mang ein søppelkasse og rester etter folk som ikkje et opp maten sin på kafear og restaurantar. Fascinerande og berikande at det fins slike folk!

Forresten såg eg at IVAR har eit prosjekt gåande for tida der dei manuellt går gjennom og analyserer søppel frå utvalgte kommunar her i området for å få ein bedre ide om kva som kastes og kor effektivt gjenvinningssystemet fungerer etc. All ære til Adeccovikarane(no shit!) som har dette oppdraget. Men hadde faktisk vore interessant å vore flua på veggen for å funne ut meir om alt det rare folk kan komme på å kaste, og korleis det egentlig står til med gjenvinningsevnen vår.

Det som var mest interessant sånn kvardagsmessig frå dokumentaren var ei nederlandsk kunstnerinne som prøvde å finne tilbake til korleis mat vart oppbevart før kjøleskapet si tid, og ho hadde funne måtar å øke holdbarhet på frukt og grønt. Dei var ganske stilige dei hyllene ho hadde laga og! Så eg kunne godt tenke meg å finne ut meir om kva og korleis. Nokon som har erfaringar med oppbevaring av ferske matvarer utanfor kjøleskap/frys? Lauk, kvitlauk og frukt får stort sett stå ute, men kunne tenkt meg litt smartare oppbevaringsløysingar og gjerne løysingar for alle andre slags grønsaker. Innspill mottas med takk :)