fredag 25. mai 2012

å sykle blant kaninar

då var sykle-til-jobb-sesongen endelig skikkelig i gang. første gong eg prøvde sykla eg meg så bort på Forus at eg brukte ein time og ti minutt frå Trones til Ullandhaug. ein ganske imponerande bragd.. hadde lyst å kaste sykkelen og ringe taxi. men eg har fått sykla meg inn denne veka og har funne ei koselig landlig løype via Godesetdalen og har redusert turen til 40 min i rolig tempo. siste stykket mot Ullandhaug går på grusveg med flotte tre på begge sider. og når eg når Ullrig sykler eg forbi ein gjeng fastbuande og beitande kaninar før eg kan trille inn til nybygga sykkelskur. jammen er eg glad eg investerte i sykkelsko istadenfor bil!


søndag 6. mai 2012

Fasiten

I dag har eg logga energibruken på varmtvannsberedaren vår i eit heilt år, og har dermed fasiten på forbruket. Me har brukt 3146 kWh på varmt vatn siden 06.mai i fjor. Det tilsvarer omlag 3000 kr og 15% av årleg straumforbruk.Eg syntes ikkje det var så ille igrunn, men me har jo to små gutar som bader stort sett bare ein gong i veka. Det blir nok andre tal å sjå når dei blir tenåringar tenkjer eg

Standard energiforbruk til tappevatn for småhus er ifølge NS3031 omlag 30kWh/år m2. Vårt forbruk skulle isåfall ha vore 4300 kWh, så me må vel sei oss nøgde

Eg kan ikkje sjå at det er veldig store potensial i å setje inn tiltak foreløpig, sjøl om det kunne vore snasent med ein solfangar på taket. Isolasjon av røyr er allerede utført, men utførelsen har nok forbetringspotensial. Så auke kvalitet på isolasjonen og måle eit år til virker som ein god plan

Kjekt eksperiment iallefall, og ein slik energimåler eg har brukt koster ikkje meir enn eit par hundrelappar hos Clas Ohlson :)