søndag 29. januar 2012

Grønn start

Eg og Bjørn hoppa på trenden med supermat rett før jul for å gjer litt egenforskning på temaet. Det vil sei at me  startar kvar morgon med eit glass eplejuice ispedd alger. Me ville sjå om det hadde nokon virkning, og me syns begge at me har blitt litt mindre vrak på morgonen


Me har glømt å fortelje ungane at me har begynt å ete alger og at det betyr at dei skal sove heile natta og godt utpå formiddagen, så me får ikkje meir søvn, men kanskje bedre søvn det lille me får? Iallefall så er ikkje stemninga fullt så sur om morgonane lenger :) Så kanskje er det algene, kanskje er det instillinga. Det funker iallefall. Og så inneheld algene massevis av protein og visstnok alle dei essensielle aminosyrene. Altså burde me kunne kutte ned på kjøttforbruk og allikevel få i oss hauger av godstoff. Og det er jo godt miljønytt!

Men for all del kjøp spirulina og ikkje chlorella. Sistnevne smaker råttent brakkvatn. Og slå oss med noge hardt dersom me blir supermatekstremistar

mandag 16. januar 2012

Nytt år, nye muligheter

Eg starta året og markerte slutten på barselpermisjonen med ny jobb. Så nå har eg innstallert meg i kontor med utsikt delvis ut mot öppna landskap samen med ein gjeng miljøentusiastar. Eg kan følge med på ferdigstilling av eit jordvarmeanlegg frå kontorvinduet. Og føler eg for å nerde meg litt i varmesentralen, så er det berre to trapper ned


Me har til og med ein komposteringsekspert i stallen, så nå har eg vore ute med håvelykt og spade i hagen og gravd ut den eldste fraksjonen frå kompostBjørn. Det såg mykje ferdigare ut enn eg hadde våga håpe på, men så var det jo mørkt. Blir spennande å sjå i dagslys i mårå :)

mandag 9. januar 2012

Kjøp mindre, lev meir!

Då har eg endelig fått tilbake datamaskinen min. Den konka heilt i romjula, så godt å ha den tilbake reparert og god som ny. Eg valgte å blåse litt pengar på reparasjon i stedenfor å kjøpe ny, og håper at det var et godt valg på mange måtar

Her om dagen dumpa eit klistermerke ned i postkassen min frå Framtiden i våre hender. Det oppfordra til å kjøpe mindre og leve meir. Då eg ikkje hadde dei store nyttårsforsetta i år, trur eg at året 2012 skal få bli det året der eg kjøper mindre og lever meir