søndag 29. januar 2012

Grønn start

Eg og Bjørn hoppa på trenden med supermat rett før jul for å gjer litt egenforskning på temaet. Det vil sei at me  startar kvar morgon med eit glass eplejuice ispedd alger. Me ville sjå om det hadde nokon virkning, og me syns begge at me har blitt litt mindre vrak på morgonen


Me har glømt å fortelje ungane at me har begynt å ete alger og at det betyr at dei skal sove heile natta og godt utpå formiddagen, så me får ikkje meir søvn, men kanskje bedre søvn det lille me får? Iallefall så er ikkje stemninga fullt så sur om morgonane lenger :) Så kanskje er det algene, kanskje er det instillinga. Det funker iallefall. Og så inneheld algene massevis av protein og visstnok alle dei essensielle aminosyrene. Altså burde me kunne kutte ned på kjøttforbruk og allikevel få i oss hauger av godstoff. Og det er jo godt miljønytt!

Men for all del kjøp spirulina og ikkje chlorella. Sistnevne smaker råttent brakkvatn. Og slå oss med noge hardt dersom me blir supermatekstremistar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar