fredag 29. april 2011

KompostBjørn in tha Garden

Ein morgon stod KompostBjørn utanfor døra då me kom ut døra. "Hurra" sa eg. "Å nei" mumla Bjørn. Men inn i hagen kom den.


Fylte opp med greiner og avispapir for å lage et godt luftlager i bånn, og har begynt å fylle i matavfall. Er spent på om eg klarer få gang på den. Har kjøpt meg rørepinne med temperaturindikator og greier. Eg kasta oppi litt skvallerkål og, og det trur eg kanskje ikkje er lov. Men kor skal eg gjer av elendigheten? Heldigvis er det komposteringskurs neste veke, så eg har framleis sjangsen til å rette opp alle nybegynnerfeila.


Sindre og Bjørn kverna opp alle dei gamle greinene som låg i ein haug i hagen, så nå har me eigenprodusert bark til å legge i dei beda me ikkje orker å luke.


Krigen mot skvallerkålen er i full gang i resten av beda, og den skal me vinne uten Ronnup eller annan kjemisk krigføring. Eg lure på kor mange kilometer med røter eg har dratt opp allerede, men eg skal ikkje gje meg.


Pus er skeptisk til økologisk hagebruk og forsåvidt alt anna som er økologisk. Og med rette i følge Teknisk Ukeblad som så galant hevder at "økologisk mat er ren bløff". Det hevdes der at økologisk mat slett ikkje er sunnere enn vanlig mat, samt at økologisk jordbruk spyr ut klimagasser i strie strømmer i forhold til konvensjonellt jordbruk. Sjøl syns eg det er ein bedre følelse å ete frukt og grønsaker som eg VEIT at ikkje har blitt sprøyta framfor frukt og grønt der eg ikkje veit ka som har blitt gjort. Sjøl om eg langt frå alltid kjøper økologisk. Eg ser jo poenget med at dei økologiske avlingane er mykje mindre, og at me kanskje ville slite med å brødfø heile jordas befolkning på økologisk mat. Men det har kanskje noko med å gjere at me er for mange folk på jorda? Og det er jo kanskje litt egoistisk tankegang og. Eg er heldig og har råd til å velge økologiske produkt, mens det ikkje er tilfelle for flesteparten av jordas befolkning slik situasjonen er nå. Eg tør heller ikkje sei at økologiske produkt smaker bedre, for eg kan desverre ikkje sei at eg har klart å smake forskjell.

Når det gjeld klimagassutslepp er det sikkert både sant og usant. Økologiske avlingar treng større areal for å gje like mykje mat som ei konvensjonell avling. Altså må karbonbindande planter vike plass for dyrking. Og siden kunstgjødsel ikkje kan brukast, har ein visstnok mindre kontroll på timinga av nitrogenkretsløpet i økologisk landbruk, noko som kan føre til auka utslepp av lystgass. Og lystgass er jo ein av verstingane klimamessig, og har 300 gonger så stor drivhuseffekt som CO2. Karbondioksid gå å legg deg liksom. Men tenk på all den konvensjonelle maten som kastes. Hadde me i større grad gått over til økologisk og  på grunn av det redusert mengde tilgjengelig mat, ville mykje mindre måtte kastas. Korleis reknestykket klimamessig ville sett ut då, er eg veldig interessert i å sjå!

Heldigvis ser eg at Oikos har gått til motmæle og belyst saken frå andre sida. Men det er søren ikkje lett for oss forbrukere å vite kva me skal tru. Enn så lenge vil eg fortsette å ete økologisk i den grad det er fornuftig for meg økonomisk sett. Alle små skritt til å gjere verden meir bærekraftig fortjener støtte, og eg håper og trur at dei som har ansvar for økologisk produksjon og merking av slike produkt jobber med kontinuerlig forbedring i bærekraftig retning.

Samstundes skal ein heller ikkje gløyme dei lokale bøndene som har valgt å satse på spesialprodukt som kjøt, honning, ost, grønsaker etc som ikkje har fått stempel som økologisk fordi dei f.eks har ein feil komponent i fôret i forhold til reglane for økologisk drift, men som kanskje satser på dyrevelferd og driftsmetode miljø og/eller energimessig som er bedre enn konvensjonell drift, men allikevel ikkje passer inn i ein spesiell kategori. Slik type mat som i tillegg er kortreist må jo være supert i forhold til klima og ikkje minst samtvittigheten. Samtidig som lokale tomater som bare har reist nogen få km og kanskje er plukka dagen før smaker utrulig mykje bedre enn tomater som har reist heilt frå Spania og vart plukka før dei var modne

Vel.. då tenker eg det er dags for ein kopp økologisk presskannekaffi :)

søndag 17. april 2011

I vinden

I dag hoppa eg i den grøne trauste V40-en til mamma, shanghaia broderen på togstatsjonen på Bryne for ein lynsafari til HøgJæren. Frå kjøkken hos mamma og pappa er det panoramautsikt til vindmølleparken som er under oppføring. 9 turbiner talte me i dag, og eg kribla etter å ta dei i nærmare øyesyn. Du kan sei mykje om vindmøller, men eg syns dei ser flotte ut sett frå Lyefjellet.. og det ska visst bli 32 av dei til samen. Dei kjem jo til å ta mesteparten av horisonten på kjøkkensida på Lye, men det er jo tross alt mest fornuftig å bygge straumen nær der folk er for å sleppe å bygge tilsvarande mange monstermaster


Møllene vart større og større jo nærmare Karlsbu me kom, og eg svinga til slutt inn på ein grusveg som såg ut til å lede opp til sakens kjerne. Diverre vart me møtt av eit forbudsskilt og tilhøyrande traktorhengar på tvers lenger oppe i vegen, og Ola var ikkje spesiellt lysten på å gå opp i findressen frå lørdagskvelden. Dessuten var det påbudt med hjelm og vernesko (men DET har me jo begge på kontoret, så det kan me ordne til neste gong) Så då fekk me ikkje lagt sjøldaude fugler under møllene til skrekk og advarsel, men det var kanskje like greit siden møllene ikkje har starta opp ennå...


Me får nok heller melde oss på rundtur i regi av Destinasjon Jæren. I sommar skal dei arrangere guida turar opp hit.  Flott at nokon prøver å sjå det positive i vindparken og presentere det som ein turistattraksjon. Eg blir gjerne med på tur eg, for det var flott å sjå på den forsmaken me fekk :) Gler meg til å sjå dei når dei er i svevet!Og dei som vil sjå urørt natur kan jo bare kikke på andre sida av vegen. Viss du ser vekk frå høgspentmastene der så er det ganske flott

onsdag 13. april 2011

Sjynt å kjøra buss

I går var eg på teateret og såg ENRON, the musical. Sjølsagt tok eg bussen, då den stoppe rett borti gata og til min store glede har begynt å gå mellom Sandnes og Stavanger kvart kvarter. Hurra for Kolumbus som har gjort det litt enklare å reise kollektivt. Dei skryt og av at dei snart og skal komme med ein APP til telefonen slik at eg kan sjekke kor bussen min befinne seg til eikvar tid. Så då sleppe eg å stå å fryse og vente unødig i november når eg skal til å busse til jobb igjen. Eg har forresten fått Kindlen min, og har lasta ned den økologiske thrilleren Forty signs of rain etter tips frå Stian :). Supert lesestoff og lesemåte for buss og tog

Tilbake til ENRON. ENRON-skandalen er pensum på INDØK i Stavanger.Jaha.. fint.. men ka er liksom bærekraftig med det då? Absolutt ingenting. Hverken rank and yank, keiserkrabbemodellen eller mark to market var spesiellt bærekraftige måter å drive business på i lengden viste det seg.. INDØK gjer fine verktøy til å unngå slike feilgrep samtidig som det er gull verdt å vite korleis dei som skal betale for dei bærekraftige prosjekta  tenkjer når dei tek avgjerdslene om investeringar. Dessuten er det skremmande kor fascinerande anvendt statistikk kan vere (men det er ei anna historie..)

I dag var eg ein tur innom Maren hos Multiconsult. Me er på planleggingsstadiet for eit heildagsseminar om BREEAM i regi av VVS-foreningen. Seminaret skal etter planen finne stad i Sandnes 11.oktober, så dei som er interesserte i miljøsertifisering av bygg må følge med for meir detaljer framover mot sommaren :)

tirsdag 5. april 2011

Som man roper i skogen får man svar

Eg vil ha induksjonskomfyr. Sjøl om me har ein keramisk ein som virker. Tenk på all tida og straumen me kan spare på matlaging seier eg med stjerner i blikket. Sindre er skeptisk. Kva med miljøet? Ja kva med det?

Me har ein keramisk komfyr som me har arva av mor te Stian. Då me fekk den, kasta me ut den gamle med sånne opphøya plater som dei laga før i tida. Den fulgte med huset, og har sikkert hatt lang og tru tjeneste. Men den virka fortsatt, så det var ikkje me heilt lett hjerte me bar den ut i garasjen (og siden kjørte den til Elkjøp- for dei av Luraslekt som måtte komme til å lese dette, så vil eg presisere at me ikkje handla noko på Elkjøp, me bare leverte inn den gamle).


Grønn Hverdag har gjort ein test på bloggen sin på koketid for 1 liter vatn. Dei har målt seg fram til at ein sparer 40% av energien og 40% av tida på å koke opp vatnet på induksjon (eller evt vannkoker) istedenfor på keramisk komfyr. Wow. 40%... Det er mykje energi det! Men kor mykje energi er det eigentleg snakk om? Eg bestemte meg for å teste ut ”Enova svarer” på nett. Eg logga meg på og fekk beskjeden:

 ”Du er nå koblet opp mot Anita”

Jeg:
9:45:52    

Hei


Jeg:
9:46:23    

Har dere tall på hva man kan spare på å bytte ut gammel keramisk komfyr med ny induksjonskomfyr?

Anita :
9:49:09    

Komfyrplatene på vanlig komfyr regnes til årsforbruk ca. 220 kwh.  Jeg har ikke tallet på hva du kan spare med induksjon, men du lipper å varme opp platene, så noe mindre vil det bli.

Jeg:
9:49:47    

220kWh, er det årsforbruk til matlaging totalt, eller for en plate?

Anita :
9:50:25    

For alle platene.

Jeg:
9:50:54    

det var jo ikke all verden

Anita :
9:51:49    

Nei, hvitevarer bruker ikke mye strøm, men når man kjøper nytt bør man velge det som er mest energigjerrig.

Jeg:
9:52:40    

Selvsagt, men da er ikke besparelsen i seg selv et argument i seg selv dersom vi har en komfyr som virker

Anita :
9:53:17    

Man bytter ikke ut en komfyr som er i orden.  Det lønner seg ikke.

Jeg:
9:53:50    

vet du hvor jeg kan finne ut noe om livsløpskostnader for komfyrer. Hva koster(av energi og miljø og materialer) en komfyr å produsere, bruke og kaste

Anita :
9:54:44    

Sjekk med leverandørene, kanskje de har noen statistikker på det.

Jeg:
9:54:52    

ok

Jeg:
9:54:55    

takk for hjelpen!

Anita :
9:55:09    

Lykke til og ha en fin dag!

Frå Anita sine visdomsord kan eg konkludere med at eg vil spare 88kWh i året på å skifte til induksjon. Ca 88 kr viss kostnadsaspektet skal vere med. Viss eg då kjøper ein induksjonskomfyr til 7.000, så må eg ha den i ca 80 år for å spare inn kostnaden. Spare Schmare..Sindre 1, Åsta 0.

Kva med total livsløpskostnad i kwh, co2 og kr? Eg er på sporet av dokumentasjon, men det er mykje svada der ute. Følg med i neste episode..

Uansett, man kaster da ikke en komfyr som virker? 

lørdag 2. april 2011

Papirlaus


Då har eg bestillt meg digitalt lesebrett. Har lånt Marie sitt i ei veke nå, og til og med pus er overbevist. Ingen meir dra rundt på haugevis av utskrivne powerpointpresentasjonar og artiklar. No skal alle lagrast og lesast på ein nett liten sak. Sjølsagt med knallgrønt læromslag. Bærekraftig? Vel..  De er nå litt papir å spare på å ikkje skrive ut forelesningsnotat, fagartiklar etc. Ein del av pensumlitteraturen på indøk fins på ebok-format, og ein får til og med "teste" bøkene før ein kjøper. Genialt å ha med kun den lille saken i staden for å drasse rundt på mursteinlass av pensumlitteratur. Då er alle bøkene tilgjengelig alltid, bare eg tar med veska :) Genialt på buss og tog og di. Og dingsen har notat og bokmerkefunksjon som er must for studiebruk

I følge min personlige biliotekar, så blir ebøker å få lånt på norske bibliotek frå og med 4.april. Kan spare litt drassing på det og :) Dessuten så kan ein når som helst koble seg på nett (Amazon spanderer 3G for min del) og handle bøker og magasin. Så istedenfor å kjøpe eit dårlig magasin på glossy papir som går rett i søpla etter togturen, kan ein heller laste inn spennande ebøker på null komma svisj
Den lille saken har ei batteritid på ca 1mnd, og bruker kun straum kvar gong du blar. Kor mykje energi og skumle substanser som går med til produksjonen av lesebrettet er meg uvisst. Dersom nokon har eit godt verktøy for å finne ut slikt, så gje meg eit pling!