søndag 17. april 2011

I vinden

I dag hoppa eg i den grøne trauste V40-en til mamma, shanghaia broderen på togstatsjonen på Bryne for ein lynsafari til HøgJæren. Frå kjøkken hos mamma og pappa er det panoramautsikt til vindmølleparken som er under oppføring. 9 turbiner talte me i dag, og eg kribla etter å ta dei i nærmare øyesyn. Du kan sei mykje om vindmøller, men eg syns dei ser flotte ut sett frå Lyefjellet.. og det ska visst bli 32 av dei til samen. Dei kjem jo til å ta mesteparten av horisonten på kjøkkensida på Lye, men det er jo tross alt mest fornuftig å bygge straumen nær der folk er for å sleppe å bygge tilsvarande mange monstermaster


Møllene vart større og større jo nærmare Karlsbu me kom, og eg svinga til slutt inn på ein grusveg som såg ut til å lede opp til sakens kjerne. Diverre vart me møtt av eit forbudsskilt og tilhøyrande traktorhengar på tvers lenger oppe i vegen, og Ola var ikkje spesiellt lysten på å gå opp i findressen frå lørdagskvelden. Dessuten var det påbudt med hjelm og vernesko (men DET har me jo begge på kontoret, så det kan me ordne til neste gong) Så då fekk me ikkje lagt sjøldaude fugler under møllene til skrekk og advarsel, men det var kanskje like greit siden møllene ikkje har starta opp ennå...


Me får nok heller melde oss på rundtur i regi av Destinasjon Jæren. I sommar skal dei arrangere guida turar opp hit.  Flott at nokon prøver å sjå det positive i vindparken og presentere det som ein turistattraksjon. Eg blir gjerne med på tur eg, for det var flott å sjå på den forsmaken me fekk :) Gler meg til å sjå dei når dei er i svevet!Og dei som vil sjå urørt natur kan jo bare kikke på andre sida av vegen. Viss du ser vekk frå høgspentmastene der så er det ganske flott

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar