fredag 18. mars 2011

Mat eller søppel?

Eg såg ein dokumentar på NRK nett-tv i dag om kor store mengder mat som blir kasta her i vesten. Det var snakk om at det me kaster her kunne metta den tredje verden tre gonger (arrestér meg om eg husker feil). Litt vemmelig å tenke på. Då er mat for billig tenker eg, når me har råd til å kaste så store mengder fullt brukbar mat. Eg forstår jo at det kan vere ei utfordring både for matforretninger, privatpersonar og institusjonar å berekne kor mykje som går med i forhold til holdbarhet. Men i heimen vår har me iallefall innført ein stor mathandel i veka der me har planlagt middagsmeny for kvar dag. Me kaster merkbart mindre mat no enn før, uten at eg kan talfeste det

I dokumentaren var det to tyskarar som fekk 90% av maten sin frå søpla til matforretningar. Berre synd at desse blir gjort kriminelle når dei egentlig berre stjel avfall som butikkane er glade for å bli kvitt! Tragisk at ikkje butikkane kunne gitt vekk denne maten med glede. Ein kjenning av sameiget BÅS (Bjørn, Åsta, Sindre. Ja eg, Bjørn og Sindre eig huset på Sandnes i lag og har felles husholdning. Ei sann glede å kunne dele på utgifter og matlaging :)) lever tidvis på denne måten. Han har robba mang ein søppelkasse og rester etter folk som ikkje et opp maten sin på kafear og restaurantar. Fascinerande og berikande at det fins slike folk!

Forresten såg eg at IVAR har eit prosjekt gåande for tida der dei manuellt går gjennom og analyserer søppel frå utvalgte kommunar her i området for å få ein bedre ide om kva som kastes og kor effektivt gjenvinningssystemet fungerer etc. All ære til Adeccovikarane(no shit!) som har dette oppdraget. Men hadde faktisk vore interessant å vore flua på veggen for å funne ut meir om alt det rare folk kan komme på å kaste, og korleis det egentlig står til med gjenvinningsevnen vår.

Det som var mest interessant sånn kvardagsmessig frå dokumentaren var ei nederlandsk kunstnerinne som prøvde å finne tilbake til korleis mat vart oppbevart før kjøleskapet si tid, og ho hadde funne måtar å øke holdbarhet på frukt og grønt. Dei var ganske stilige dei hyllene ho hadde laga og! Så eg kunne godt tenke meg å finne ut meir om kva og korleis. Nokon som har erfaringar med oppbevaring av ferske matvarer utanfor kjøleskap/frys? Lauk, kvitlauk og frukt får stort sett stå ute, men kunne tenkt meg litt smartare oppbevaringsløysingar og gjerne løysingar for alle andre slags grønsaker. Innspill mottas med takk :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar