mandag 21. februar 2011

You have to become the change you want to see in the world

Så kor skal ein liksom begynne? Først må ein vel først gå inn i seg sjøl. Eg liker å tru at familien vår lever relativt bærekraftig. Me har valgt å berre ha ein bil, sjøl om me(les: eg) hadde spart mykje tid i kvardagen på å ha to. Me har busett oss sentralt i Sandnes i forhold til arbeidsplasser og kollektivforbindelsar,familie og venner. Me har eit relativt lite hus, og prøver å unngå å fyre for kråka. Liker og å tru at me har eit nøysomt forbruk på alle plan

Eg tok Klimatesten på heimesiden til Grønn Hverdag for å få eit peikepinn. Denne testen er relativt overfladisk, og utelater bl.a kollektivtransport (som og har ei CO2-belasting) samt forbruk til andre ting enn mat og straum. Så eg vil anta at reellt CO2-avtrykk for familien er på minst det doble av testresultatet, som viste 11.000 kg CO2-utslepp i året. Sei me har eit CO2-fotavtrykk i familien på 22 tonn i året. Med dagens CO2-kvoteprisar, kunne eg då ha kjøpt 22 kvoter til 15 euro stykket (ca 120 kr), som er dagens markedspris i følge heimesidene til Point Carbon, til den nette sum av 2640 kr og erklært familien CO2-nøytral? Det er isåfall slett ingen avskrekkande pris for å kjøpe seg god samvittighet....

2 kommentarer: