fredag 7. oktober 2011

Kjøkkenlaust eingongsliv og pengar spart

Den siste månaden og litt har me vore uten funksjonellt kjøkken. Me har gått over til eingongsservise og bestikk denne perioden, og eg gremmes over kor fort restavfallet fylles opp. Det er ikkje alltid like greit å få sortert tallerkar og bestikk fulle av matrestar, iallefall ikkje etterkvart som me er skikkelig leie av å leve i kaos og rot. Då blir det fort til å ta søppelbøtta ut i stova og rydde av bordet med eit sveip over bordet og ned i bøtta. Resten av sorteringa har ikkje heller vore på topp, då vasken på det lille badet vårt ikkje er dimensjonert for å spyle ut matrestar.

Torsdag morgen hørte eg det eg trudde var søppelbilen utanfor, og fekk panikk då eg kom på at me hadde glømt å sette ut den svarte dunken. For den var meir enn full, og ein måned til neste tømming. Heldigvis tok eg feil, og me fekk sett ut dunken før søppelbilen kom. Så då har me heldigvis ein stad å gjer av søppelberget som vil vere ein realitet fram til kjøkken er i orden att. Aldri før har eg gleda meg så mykje til å kunne kildesortere. Og til dykk som framleis trur at det ikkje er vits i å kjeldesortere: Her om dagen kviskra ein liten fugl meg i øyret at renoveringssystemet her i sørRogaland kjem veldig godt ut klimamessig nettopp på grunn av den svært høge materialgjenvinningsgraden. Sortert avfall er ein svært viktig og verdifull ressurs

Ellers så har eg no fått målt energiforbruket vårt til varmtvatn ein ganske lang periode. Ca midt i perioden var eg nede og isolerte dei tidligare uisolerte røyra, for å sjekke om det hadde nokon effekt. Det skal nevnas at eg neppe består nokon svenneprøve med den isoleringa, men det var mest for eksperimentet sin del, og eg har planer om å gjer det skikkelig, for det har faktisk hatt effekt. Før isoleringa hadde med eit gjennomsnitlleg døgnforbruk på 8,5kWh, og etterpå har me gått ned til 7,4kWh. For ordens skyld så har eg trekt ut perioden me var på ferie frå reknestykket, så det er periodar med likt forbruksmønster som er målt.  Dersom me rekner ein totalpris inkl nettleige på 1kr/kWh, vil mitt lille tiltak spare oss for ca 400 kr i året, og ein meter med isolasjon inkl tetteclips og teip på Clas Ohlson kostar omtrent 85 kr, så eg tenke eg skal avgårde etter clips og teip for å få gjort det skikkelig :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar