fredag 27. april 2012

Lekkasjetest

Her om dagen fekk eg vær flua på veggen under lekkasjetest og termografering av eit bygg. For uinvidde så gjer ein lekkasjetest svar på kor mykje oppvarma luft som går til å fyre for kråkene gjennom utettheter i bygningskroppen f.eks rundt vindu, i sammenføyingar av ulike bygningsdeler og andre hål og sprekker i konstruksjonen


4 for anledningen dørmonterte vifter drog 28.000 m3 luft i timen ut av bygget for å skape ein stabil trykkforskjell å måle på. Det var ganske heftig blåst der inne,og det var ikkje akkurat lyddemping på viftene, så det føltes som å vær inne i eit ventilasjonsaggregat (Ja,eg har vore inne i eit!) så eg var glad då eg kunne gå igjen og dei andre fremdeles hadde maange timar med målingar til gode.


På innsida av døra såg det ut som eit high tech telt


Her er grafisk framstilling (grønne prikkar) av trykkauken då eg kom inn i bygget. Trur trykket steig frå 60til 50Pa undertrykk bare ved at eg åpna døra,men det stabiliserte seg raskt igjen


Sjølve termograferinga føregjekk med spesialkamera med farge som visuelt bilde på temperaturforskjeller og lekkasjar. Nett som aurafotograferinga eg har observert på alternativmessa.. Mange av bildene var så stilige at eg kunne hatt dei på veggen :-)


Dette bildet viser ein teglsteinsvegg med sånne steiner med mange små hål i. Store temperaturforskjeller! Og det gjekk heilt tydelig an å kjenne trekken frå hålene. Blir spennande å få resultatet av lekkasjetesten då me kan nytte dei til energiberegninga av bygget. Alltid kjekt med målte inndata!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar