søndag 6. mai 2012

Fasiten

I dag har eg logga energibruken på varmtvannsberedaren vår i eit heilt år, og har dermed fasiten på forbruket. Me har brukt 3146 kWh på varmt vatn siden 06.mai i fjor. Det tilsvarer omlag 3000 kr og 15% av årleg straumforbruk.Eg syntes ikkje det var så ille igrunn, men me har jo to små gutar som bader stort sett bare ein gong i veka. Det blir nok andre tal å sjå når dei blir tenåringar tenkjer eg

Standard energiforbruk til tappevatn for småhus er ifølge NS3031 omlag 30kWh/år m2. Vårt forbruk skulle isåfall ha vore 4300 kWh, så me må vel sei oss nøgde

Eg kan ikkje sjå at det er veldig store potensial i å setje inn tiltak foreløpig, sjøl om det kunne vore snasent med ein solfangar på taket. Isolasjon av røyr er allerede utført, men utførelsen har nok forbetringspotensial. Så auke kvalitet på isolasjonen og måle eit år til virker som ein god plan

Kjekt eksperiment iallefall, og ein slik energimåler eg har brukt koster ikkje meir enn eit par hundrelappar hos Clas Ohlson :)

2 kommentarer:

  1. Hei Åsta,
    veldig bra fasit. Har igrunnen aldri vært enig med NS om å koble varmtvannsforbruket til antall kvadratmeter. Det må jo være bedre å koble det til antall personer i husstanden. jeg får skaffe meg en slik måler og sjekke selv. Mvh. Nils - O.

    SvarSlett
  2. Ofte har jo kvadratmeter og antall medlemmar i husstanden ein viss samanheng. Men så er det jo forskjell på personar og personar og.. Best å måle sjøl, så veit du ka du har å forholde deg til når det kjem nokon og skal selge deg dippedutter som kan spare deg for straum til varmtvatn

    SvarSlett