torsdag 26. mai 2011

Grønt ute, grønt inne

Har hatt litt trøbbel med å halde gangen i komposten, men har fulgt rådet til Ingvald Erga om å lø på med bark, så nå begynner det å ta seg opp att. Har fått meg eit lite rituale med å gå ut å røre i komposten med greipa kvar kveld. Utrulig kjekt å følge med på utviklinga oppi der, og eg tek til å forstå folk som blir hekta på hage og dyrking. Og i går var temperaturindikatoren omsider tilbake på rosa, og altså godt og varmt nedi bingen


Frøa som vart sådd i april har og begynt å føre fram, og nå er hagen full av salat av alle slag. Gjødsla kun med hestalort frå Kalberg. Så i dag blir det hagesalat til middagen



Og inne spirer både agurk og tomat, så me ser fram til me kan begynne å hauste


I inspirasjon av alt det grøne, har eg fått meg eit grønt hjørne i stova og. Sjølsagt malt med svanemerka maling, (uten at det betyr at du skal sove med open boks på soverommet.. )Det vart mykje betre enn den uferdige sparkelgrå veggen som var der før. Bare litt pynt gjenstår no, så blir det bra


I morgon starter Jærdagen på Bryne, der det i år blir ein stor marknad med lokale kortreiste matvarer. Gler meg stort til det! Og ein tur til Bryne medfører og panoramautsikt til vindmølleparken for dei som kjem nordfrå, så det er vel verdt ein tur :)


fredag 20. mai 2011

Ganske enkelt G9alt

Eg følger med på eit spennande svensk prosjekt for tida, One Tonne Life.Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom energiselskap, husutbyggerselskap, matvarehus, bilprodusent, teknologileverandør, universitet og kommune, samt ein gjennomsnittleg svensk familie.

Denne familien er installert i eit intelligent aktivhus i Stockholm, utstyrt med elbil, og skal prøve å gjennom livsstilsendringar å få sitt årlege CO2-forbruk ned på 1 tonn i året per person, noko som er anslått som det nivået jorda kan tåle på lengre sikt. Familien får heile tida berekna CO2-avtrykket sitt av ekspertar og tilbakemeldingar frå det intelligente målesystemet til huset.

Utgangspunktet deira var på over 7 tonn per person, noko som tilsvarer gjennomsnittsforbruket per person per i dag på verdsbasis. Prosjektet har gått sidan januar, og familien er nå nede i 1,9 tonn utrekna etter siste vekes forbruk. Store delar av reduksjonen er som følge av intelligent og effektivt hus, samt meir miljøvennlige transportalternativ, men det er og interessant å sjå kor stor del av CO2-avtrykket som skyldes matvaner og shopping av diverse dill. Så nå har familien gått inn i konkurransemodus og blitt vegetarianarar på fulltid for å klare målet om 1 tonn innen prosjektet er ferdig om nokre veker

 Ein tankevekkjar det at matvaner gjer så stort utslag. I fjor kjørte me ein vegetarisk februar her i huset, men me burde nok bli meir bevisste sånn generellt på å ha vegetarmat og fisk på bekostning av kjøt.




Inspirert av prosjektet har eg gått til innkjøp av ein energimålar frå Clas Ohlson til den nette sum av 150 kr. Den settes i kontakten for det  apparatet du vil måle. Her hos oss er det varmtvannsberederen som har fått spesiell merksemd. Ser at leverandørane av varmtvannsberedarar oppgir at du kan spare omlag 35% av varmetapet ved å innstallere ein ny. Ein ny beredar for husbruk avgir omlag 70watt, så ein har då i storleiksorden 30-40watt å spare på å bytte den ut. Altså omlag 300 kWh årleg. På berederrommet vårt er det varmt, og dette kjem nok ikkje berre av varmetap frå sjølve tanken, men frå det stykke med ledningar som ligg uisolert. Dei er iallefall skikkelig gode og varme. Tenkte å måle forbruket i ein periode for så å isolere og sjå om det er nokon skilnad. Spennande og enkel underhaldning for heile familien, og ein fin måte å bli meir bevisst på sitt eige forbruksmønster




Ellers så har eg endelig klart å oppdriva LED-pærer av typen G9, så har fått bytta ut dei for lange sparepærene over spisebordet på 7w med LED-pærer på 2,8w. Ikkje all verda å spare her (30kWh ved 5t på daglig), men det var naudsynt for å bevare synet inntakt. Men i forhold til glødepærene på 40w som stod i då me kjøpte lampane, så er det jo litt (270 kWh). Pærene var ikkje så mykje dyrare enn sparepærene heller, og alle monner drar. Og så ser dei ganske kule ut underifrå


fredag 13. mai 2011

Bjørn say potato, I say tomato

Her om dagen kom Bjørn glad og fornøyd heim frå Gjesdal med ein sekk settepoteter, så siste prosjektet har vore å laga et godt gammaldags eplestykkje i eine hjørnet av hagen. Så gutta boys (og litt eg, men eg syns det vart litt tungt å grave opp HQ skvallerkål for hånd. Var litt misunnelig på naboen som hadde leid gravemaskin for helga) svingte spader og greip, lagte fårer og sette i. Blir sikkert hundre kilo poteter av det der, så det blir mykje komler i haust tenkjer eg


I går ettermiddag tok eg turen utover Jæren igjen, denne gong i regi av Natt og Dag urtelag, som eg er medlem av. Turen i dag gjekk til Wiig gartneri på Orre med presentasjon, smaking og handling på timeplanen. Dei driv 50.000 m2 med drivhus der ute, og er kobla på Lyse sitt gassnett. Ikkje den reinaste energikjelda, men dei har då i det minste eit relativ fleksibelt vannbårent system, samstundes som dei nyttar CO2-en frå forbrenninga som mat til plantene. Wiigfamilien er forøvrig medeigarar i det nye miljøgartneriet i Kviamarka, og her er det jo eit meir miljøvennlig oppvarmingssystem med spillvarme frå meieriet. Men det er det fleire av dykk som les dette som kan uendeleg mykje meir om enn både meg og Wiig..



Då eg freidig spurte om dei brukte sprøytemiddel, fekk eg til mi store glede det svaret eg ville ha. Altså er alle tomater, agurkar og paprikaer frå Wiig garantert sprøytefrie :) Dei bruker derimot fleire millionar kroner i året på å kjøpe rovinsekt av ulike slag for å bekjempe skadedyr biologisk. Hurra!(Men eg trur nok dette er gjeldande for dei fleste, om ikkje alle,  tomatdyrkarar i området her) I tillegg har grønsakene frå Wiig kort reiseveg ut til butikkane. Og slik kortreist mat både lukter og smaker mykje betre enn langreist. Så nå i høgsesongen, folkens, fins det ingen unnskyldningar for ikkje å handle norske kortreiste og sprøytefrie grønsaker i butikken! Det er jo og mulig å ta ein tur til eit av gartneria sine utsalg og. Då er det garantert dagsferskt, samstundes som det kan vere ein triveleg tur for både store og små

Forresten så er det Fairtradedag i Østervåg og fargegata i Stavanger på lørdag (14.mai) frå kl 11.00. Kanskje me snakkes?

tirsdag 10. mai 2011

A damned fine cup of coffee

Istaden for å bruke pengar på fleire ting eg ikkje treng, har eg fått det for meg med kurs i det siste. Å gå på kurs og få ein fin opplevelse saman med folk med like interesser, er jo så mykje meir givande ennå sitte heime og ruge på nyinnkjøpte duppedingsar, sjøl om ein fort kan komme heim frå kurs og med nye duppedingsar til sortimentet

Eg er ein sjølerklært kaffielskar, og den seinare tida har eg blitt meir medviten om kaffien sin kvalitet, men uten noko vitenskaplig tilnærming til saka. Til mi store glede har Thomas Jørgensen, tidlegare norgesmester i kaffismaking, slått seg ned i Sandnes med kaffibaren Benk, der han og driv med kursverksemd. Skal du ha ein dugelig kopp med kaffi i Sandnes, så går du på Benk!


Av nysgjerrighet og dels i bærekraftens navn, stilte eg og Beate, som nok er den mest kaffielskande personen eg kjenner, på kaffikurs for å lære meir om denne fantastiske drikken. På Benk satser dei på Direct Trade av kaffi, noko som medfører relativt dyre kaffibønner med høg kvalitet. Då nordmenn gjerne er villige til å betale høg pris for god kvalitet, lager dei små norske kaffibrenneria avtalar direkte med farmar og Cooperativ med krav om høgare kvalitet, og meir bærekraftig drift enn konvensjonelle kaffifarmar. Faktisk så kan konvensjonell drift ha eit vannforbruk på inntil 3000 liter per 50 kg rå kaffi. Med 60 g kaffi per liter ferdig brygg, blir dette då 3,6 liter vatn forurensa i til dømes Panama for at me skal få 1 liter kaffi å drikke i Norge. Og då har eg ikkje teke med i betraktning at bønnene får lågare eigenvekt etter brenninga. Med bærekraftig drift kan ein ifølge Norsk Form komme ned mot 150 liter vatn per 50kg produserte bønner, altså rundt 2 dl per liter drikkeklar kaffi. Farmane Benk handler kaffi med har betre villkår for plukkarar og bønder enn konvensjonell drift, samt at dei i stor grad har bærekraftig drift der skal og fruktkjøtt frå kaffibæra blir resirkulerte til gjødsel, samt at vatnet frå produksjonen blir gjenbrukt til vanning. Det er storveis å ha ein kaffibar i Sandnes der dei ansatte har slike kunnskaper, og bryr seg så mykje om kor kaffien kjem frå

Økologisk og Fairtrade-merka kaffi frå dei store brenneria skal ein nok heller ikkje kimse av, men det har visstnok kome for ein dag at det er problem med å halde kontroll på Fairtradesertifiserte farmar grunna for få inspektørar og for mange farmar. Dette har eg dog ikkje frå sikre kjelder, og eg liker å tru at desse merkingane og intensjonane bak dei er såpass gode, at iallefall brorparten av Fairtrade- og økologisk merka kaffi er dyrka på betre villkår enn konvensjonell drift.

Skal me då i dette landet bruke dei ekstra kronene på kaffi for å sikre bedre villkår for lokalbefolkningen? Ja, det gjeld iallefall meg. Så får eg heller drikke færre koppar når eg plent må ha uvanen med å drikke kaffi. Det beste ville nok vore å ikkje drikka kaffi i det heile tatt, slik at dei heller kunne utnytta plantasjane til matproduksjon? Men kaffifarminga er såklart veldig viktige arbeidsplassar, og eg er usikker på kor mykje anna ein kan dyrka med hell så høgt over havet som det ein kan med kaffi. Og så er det jo så trivelig og så godt at eg ikkje er villig til å gje han opp til fordel for bærekraften.


På kurset testa me forøvrig same kaffi med ulik alder og ulike bryggemetodar, og duverden for ein skilnad! Presskanna tapte så det sang, og er foreløpig parkert i skapet. Harioen er den nye favoritten. Fantastisk med eit kaffilagingsredskap med kun 1 del, korav ingen bevegelige. Ein drøm i forhold til bruk og reinhald, og kaffien brygges rett i koppen på null komma svisj. Me fekk og smaka på ein utruleg god Arabica av typen Geisha. Dette er den kaffitypen i verden som har oppnådd høgast pris i verdsmarknaden nokonsinne. Med ein utsalgspris i Norge frå ca 300kr/250g, blir det ikkje den me skal drikke mest av, men eg er klar for ein pose neste gong det kjem inn eit parti

torsdag 5. mai 2011

Der fuglane syng, er graset grønare

Med kompost og økologisk hagebruk på programmet,  suste eg og Sindre utover Jæren til Orre og Ingvald Erga. Eg har kjørt forbi mange gonger tidlegare og sett det stilige huset og tenkt at dit skal eg på besøk ein gong, og slik vart det endeleg


Ettermiddagen vart ei fin blanding av nyttige tips, gode argument og interresante idear ispedd ein passe dose hippiekultur og new age:) Me starta med ein rundtur i hagen, der det sverma horder av svære mygg. Vart litt avskrekka då ein av dei prøvde å komme seg inn i øyret mitt, men det var heldigvis ikkje-stikkande mygg, så me vart vande med dei etter ei stund


Myggen vart sett på som ein naturleg del av artsmangfaldet der ute, og var velkommen i og med at den haldt vekke dei små myggane som stikk og er mykje meir irriterande. Ingvald gjorde oss oppmerksomme på lerkesongen frå kjelvå, og sa at ved tilfelle av dyrking i drivhus, vart avlingane merkbart betre av å spele musikk på visse frekvensar på høytalar for plantene. Frekvensane var omtrent som fuglesong, og altså kan det virke som om plantene sin trivsel blir påvirka av fuglesongen. Dette hadde visstnok støtte i Gaiateorien, som seier at naturen er eit sjølvregulerande univers.



Me fekk smaka på utvalget av urter, mellom anna spansk kjørvel (bedre kjent som Kongen av Danmark). Den var god! På Orre som på Sandnes hadde dei drista seg til å plante ut basilikumen allerede, så krysser fingrane for at den overlever.  Det klødde virkelig i dyrkefingrane då me fann ut at me kan bruke jordskokk som hekkplante, og me fekk tips om ein urteguru Olav Vandeskog på Lindesnes som var verdt å ta turen til for å få tak i spennande og sjeldnare urter


På eigedomen hadde dei og to frittgåande økologiske grasklipparar.
Når det gjeld kompost, så gjaldt prinsippet 3 delar matavfall til 1 del tørrstoff. Me har til no brukt Plantasjen sin latterlig dyre kompostbark, men trur eg melder overgang til ei blanding av spøna og heimelaga kverna og tørka greiner. Dessuten såg greipa mykje greiere ut å røre med enn den pinglete pinnen eg har.


Ingvald meinte det burde begynne å bli varmgang i godsakene etter omtrent ei veke, og jammen var det ikkje begynt å bli temperatur i KompostBjørn då me kom heim :)

Me fekk og opplysningar om Skvallerkålen til ettertanke. Den fyller ei viktig oppgåve med å verne den bare jorda mot erosjon. Så den må gjerne få bu i hagen på stader der me ikkje har anna beplantning. Og den er jo god i mat dersom ein klarer å heve seg frå irritasjonen over den.


Eit heimelaga, stort drivhus med eigen salamanderdam hadde dei og. Med heimesnekra vanningsanlegg (med levande vatn frå dammen utanfor) og søte små lufteluker som kunne vore dører i eit Hobbithus. Her fekk me mange gode dyrketips, og nå ønsker me oss veldig eit minidrivhus. Og eit litt større etterkvart.

Til slutt var det samling i halmhuset, som er bygd med halm og leire som isolasjon i veggene. Der fekk me innføring i teoretiske aspekt, mellom anna ei rask innføring i antroposofisk metode for bestemming av næringsinnhold i mat. Interresant med ei anna tilnærming til temaet! Det vart og drege fram rapportar om økologisk dyrking som verkeleg motseier argumenta som vart framlagt i TU forrige veke. Gleder meg til å lese rapportar som understøtter den økologiske tankegangen. Og tenk at det faktisk fins eit firma med slagordet "No food shall be grown that we don't own" Det er ganske vemmelig å tenke på og ganske stormannsgalt


Kjente det var godt med eit lite hippieboost utante Jæren, og gleder meg til ut i hagen i mårå

søndag 1. mai 2011

Turist i egen by

I staden for å sette oss i bilen og brenne nogen liter bensin på sedvanlig søndagsutflukt, bestemte me oss for å vere turistar i egen by. Me sette ungane i barnevogna og gjekk ned i Saes city for å sjå ka denne maidagen kunne bringe.


Som seg hør og bør på første mai, var det tivoli og stort sykkelstevne. Så det vart ein innholdsrik dag for både store og små. Nokre stranda kvalar hadde og tatt turen innom Sandnes Brygge med b(j)åten sin. Parade og tale fekk med og med oss deler av, og ordet bærekraftig vart nevnt iallefall ein gong i løpet av talen. Mulig Olav Thommesen har rett i at bærekraft er det nye internett. Eg håper og trur at han har rett i at bærekraft har kome for å bli

Inspirert av sykkelstevnet og alle dei barberte mannebeina innsmurt i  fett (i følge min far er det pga luftmotstanden, men særlig at marginane på sykkel er så små at mannebein må sjå slik ut.. arrest me if I'm wrong) ,


tok eg meg ein sykkeltur sjøl. Vart overraska at eg rett over motorveien for Kvadrat befant meg langt ute på bondelandet, 10 minutts sykkeltur heimefrå. Tok meg ein sving på Forus og, for å teste fascilitetane, men er ikkje imponert. Kor er det liksom meininga at syklistane skal ver? Var halvskummelt å sykle der sjøl med minimalt med trafikk. I sykkelbyen Sandnes burde det absolutt vore sykkelfelt på eit så stort industriområde med tusenvis av arbeidstakere der flesteparten bur innanfor sykkelavstand til jobben! Mange av bygningane der ute begynner å bli skikkelig bra energimessig, så nå er det snart på tide å følge opp på miljøsida med å legge til rette for syklistar. Heldigvis er det under planlegging sykkelmotorvei mellom Sandnes og Stavanger (hurra for dei som kjempar for denne!), sjøl om det faktisk går overraskande greit å sykle mellom Trones og Hillevåg sjøl i rushtida. Men Forus er desverre eit trist kapittel.


Eg fekk epost frå jobben om sykle-til-jobben aksjon fram mot sommaren. Håper kilometrane mine kan telle med i denne sjøl om eg er i permisjon. Å ha permisjon er på ein måte jobben min for tidå, så satser på poeng for å sykle fra og til bleieskift siden eg sykler rundt som ein levande reklameplakat :)