tirsdag 10. mai 2011

A damned fine cup of coffee

Istaden for å bruke pengar på fleire ting eg ikkje treng, har eg fått det for meg med kurs i det siste. Å gå på kurs og få ein fin opplevelse saman med folk med like interesser, er jo så mykje meir givande ennå sitte heime og ruge på nyinnkjøpte duppedingsar, sjøl om ein fort kan komme heim frå kurs og med nye duppedingsar til sortimentet

Eg er ein sjølerklært kaffielskar, og den seinare tida har eg blitt meir medviten om kaffien sin kvalitet, men uten noko vitenskaplig tilnærming til saka. Til mi store glede har Thomas Jørgensen, tidlegare norgesmester i kaffismaking, slått seg ned i Sandnes med kaffibaren Benk, der han og driv med kursverksemd. Skal du ha ein dugelig kopp med kaffi i Sandnes, så går du på Benk!


Av nysgjerrighet og dels i bærekraftens navn, stilte eg og Beate, som nok er den mest kaffielskande personen eg kjenner, på kaffikurs for å lære meir om denne fantastiske drikken. På Benk satser dei på Direct Trade av kaffi, noko som medfører relativt dyre kaffibønner med høg kvalitet. Då nordmenn gjerne er villige til å betale høg pris for god kvalitet, lager dei små norske kaffibrenneria avtalar direkte med farmar og Cooperativ med krav om høgare kvalitet, og meir bærekraftig drift enn konvensjonelle kaffifarmar. Faktisk så kan konvensjonell drift ha eit vannforbruk på inntil 3000 liter per 50 kg rå kaffi. Med 60 g kaffi per liter ferdig brygg, blir dette då 3,6 liter vatn forurensa i til dømes Panama for at me skal få 1 liter kaffi å drikke i Norge. Og då har eg ikkje teke med i betraktning at bønnene får lågare eigenvekt etter brenninga. Med bærekraftig drift kan ein ifølge Norsk Form komme ned mot 150 liter vatn per 50kg produserte bønner, altså rundt 2 dl per liter drikkeklar kaffi. Farmane Benk handler kaffi med har betre villkår for plukkarar og bønder enn konvensjonell drift, samt at dei i stor grad har bærekraftig drift der skal og fruktkjøtt frå kaffibæra blir resirkulerte til gjødsel, samt at vatnet frå produksjonen blir gjenbrukt til vanning. Det er storveis å ha ein kaffibar i Sandnes der dei ansatte har slike kunnskaper, og bryr seg så mykje om kor kaffien kjem frå

Økologisk og Fairtrade-merka kaffi frå dei store brenneria skal ein nok heller ikkje kimse av, men det har visstnok kome for ein dag at det er problem med å halde kontroll på Fairtradesertifiserte farmar grunna for få inspektørar og for mange farmar. Dette har eg dog ikkje frå sikre kjelder, og eg liker å tru at desse merkingane og intensjonane bak dei er såpass gode, at iallefall brorparten av Fairtrade- og økologisk merka kaffi er dyrka på betre villkår enn konvensjonell drift.

Skal me då i dette landet bruke dei ekstra kronene på kaffi for å sikre bedre villkår for lokalbefolkningen? Ja, det gjeld iallefall meg. Så får eg heller drikke færre koppar når eg plent må ha uvanen med å drikke kaffi. Det beste ville nok vore å ikkje drikka kaffi i det heile tatt, slik at dei heller kunne utnytta plantasjane til matproduksjon? Men kaffifarminga er såklart veldig viktige arbeidsplassar, og eg er usikker på kor mykje anna ein kan dyrka med hell så høgt over havet som det ein kan med kaffi. Og så er det jo så trivelig og så godt at eg ikkje er villig til å gje han opp til fordel for bærekraften.


På kurset testa me forøvrig same kaffi med ulik alder og ulike bryggemetodar, og duverden for ein skilnad! Presskanna tapte så det sang, og er foreløpig parkert i skapet. Harioen er den nye favoritten. Fantastisk med eit kaffilagingsredskap med kun 1 del, korav ingen bevegelige. Ein drøm i forhold til bruk og reinhald, og kaffien brygges rett i koppen på null komma svisj. Me fekk og smaka på ein utruleg god Arabica av typen Geisha. Dette er den kaffitypen i verden som har oppnådd høgast pris i verdsmarknaden nokonsinne. Med ein utsalgspris i Norge frå ca 300kr/250g, blir det ikkje den me skal drikke mest av, men eg er klar for ein pose neste gong det kjem inn eit parti

2 kommentarer:

  1. Med denne nye kunnskapen under lokket, gleder eg meg til eit nytt kaffibesøk!

    SvarSlett
  2. ja du er herved invitert :)

    SvarSlett