I dag har eg logga energibruken på varmtvannsberedaren vår i eit heilt år, og har dermed fasiten på forbruket. Me har brukt 3146 kWh på varmt vatn siden 06.mai i fjor. Det tilsvarer omlag 3000 kr og 15% av årleg straumforbruk.Eg syntes ikkje det var så ille igrunn, men me har jo to små gutar som bader stort sett bare ein gong i veka. Det blir nok andre tal å sjå når dei blir tenåringar tenkjer eg
Standard energiforbruk til tappevatn for småhus er ifølge NS3031 omlag 30kWh/år m2. Vårt forbruk skulle isåfall ha vore 4300 kWh, så me må vel sei oss nøgde
Eg kan ikkje sjå at det er veldig store potensial i å setje inn tiltak foreløpig, sjøl om det kunne vore snasent med ein solfangar på taket. Isolasjon av røyr er allerede utført, men utførelsen har nok forbetringspotensial. Så auke kvalitet på isolasjonen og måle eit år til virker som ein god plan
Kjekt eksperiment iallefall, og ein slik energimåler eg har brukt koster ikkje meir enn eit par hundrelappar hos Clas Ohlson :)
Viser innlegg med etiketten energieffektivisering. Vis alle innlegg

søndag 6. mai 2012
Fasiten
fredag 27. april 2012
Lekkasjetest
Her om dagen fekk eg vær flua på veggen under lekkasjetest og termografering av eit bygg. For uinvidde så gjer ein lekkasjetest svar på kor mykje oppvarma luft som går til å fyre for kråkene gjennom utettheter i bygningskroppen f.eks rundt vindu, i sammenføyingar av ulike bygningsdeler og andre hål og sprekker i konstruksjonen
4 for anledningen dørmonterte vifter drog 28.000 m3 luft i timen ut av bygget for å skape ein stabil trykkforskjell å måle på. Det var ganske heftig blåst der inne,og det var ikkje akkurat lyddemping på viftene, så det føltes som å vær inne i eit ventilasjonsaggregat (Ja,eg har vore inne i eit!) så eg var glad då eg kunne gå igjen og dei andre fremdeles hadde maange timar med målingar til gode.
Her er grafisk framstilling (grønne prikkar) av trykkauken då eg kom inn i bygget. Trur trykket steig frå 60til 50Pa undertrykk bare ved at eg åpna døra,men det stabiliserte seg raskt igjen
Sjølve termograferinga føregjekk med spesialkamera med farge som visuelt bilde på temperaturforskjeller og lekkasjar. Nett som aurafotograferinga eg har observert på alternativmessa.. Mange av bildene var så stilige at eg kunne hatt dei på veggen :-)
Dette bildet viser ein teglsteinsvegg med sånne steiner med mange små hål i. Store temperaturforskjeller! Og det gjekk heilt tydelig an å kjenne trekken frå hålene. Blir spennande å få resultatet av lekkasjetesten då me kan nytte dei til energiberegninga av bygget. Alltid kjekt med målte inndata!
4 for anledningen dørmonterte vifter drog 28.000 m3 luft i timen ut av bygget for å skape ein stabil trykkforskjell å måle på. Det var ganske heftig blåst der inne,og det var ikkje akkurat lyddemping på viftene, så det føltes som å vær inne i eit ventilasjonsaggregat (Ja,eg har vore inne i eit!) så eg var glad då eg kunne gå igjen og dei andre fremdeles hadde maange timar med målingar til gode.
På innsida av døra såg det ut som eit high tech telt
Her er grafisk framstilling (grønne prikkar) av trykkauken då eg kom inn i bygget. Trur trykket steig frå 60til 50Pa undertrykk bare ved at eg åpna døra,men det stabiliserte seg raskt igjen
Sjølve termograferinga føregjekk med spesialkamera med farge som visuelt bilde på temperaturforskjeller og lekkasjar. Nett som aurafotograferinga eg har observert på alternativmessa.. Mange av bildene var så stilige at eg kunne hatt dei på veggen :-)
fredag 20. april 2012
Rett vest
Eg var så heldig å få tilbringe gårsdagen på Utsira ytterst i havgapet.
Heldigvis var ferja på reparasjon, så me fekk ta hydrofoilen i staden og sparte ein halvtime på sjøen kvar veg pluss ei rue med spyposar
Utsira skal vere klimanøytral innen 2020, og profilerer seg som kommunen som gir energi. Fornuftig med ei lita øy som foregangskommune på slikt då det er relativt enkelt å avgrense og måle forbruk og lage klimagassregnskap.
Blir spennande å følge dei på vegen mot målet!
Restane av hydrogensamfunnet Utsira er no innelåste i ein garasje, men det er iallefall stilig at dei turde prøve å teste ut hydrogen som energilagring i litt større enn labskala :) Vindmøllene frå prosjektet står uansett like støtt og leverer energi som bare det.
Det finst og øysyklar til fri benyttelse, og det er satt opp ei hytte laga av vrakgods frå havet. Med andre ord mykje snadder for folk som er opptatt av energi og miljø og sånt
Det må og nevnast at det er fantastisk fint der ute med naturen så tett på. Absolutt verdt ein tur ut for tøffingar som har sjøbein nok til ein time på ferje over åpent hav
Etiketter:
energieffektivisering,
energiløysingar,
lokal turisme,
vindmøller
fredag 7. oktober 2011
Kjøkkenlaust eingongsliv og pengar spart
Den siste månaden og litt har me vore uten funksjonellt kjøkken. Me har gått over til eingongsservise og bestikk denne perioden, og eg gremmes over kor fort restavfallet fylles opp. Det er ikkje alltid like greit å få sortert tallerkar og bestikk fulle av matrestar, iallefall ikkje etterkvart som me er skikkelig leie av å leve i kaos og rot. Då blir det fort til å ta søppelbøtta ut i stova og rydde av bordet med eit sveip over bordet og ned i bøtta. Resten av sorteringa har ikkje heller vore på topp, då vasken på det lille badet vårt ikkje er dimensjonert for å spyle ut matrestar.
Torsdag morgen hørte eg det eg trudde var søppelbilen utanfor, og fekk panikk då eg kom på at me hadde glømt å sette ut den svarte dunken. For den var meir enn full, og ein måned til neste tømming. Heldigvis tok eg feil, og me fekk sett ut dunken før søppelbilen kom. Så då har me heldigvis ein stad å gjer av søppelberget som vil vere ein realitet fram til kjøkken er i orden att. Aldri før har eg gleda meg så mykje til å kunne kildesortere. Og til dykk som framleis trur at det ikkje er vits i å kjeldesortere: Her om dagen kviskra ein liten fugl meg i øyret at renoveringssystemet her i sørRogaland kjem veldig godt ut klimamessig nettopp på grunn av den svært høge materialgjenvinningsgraden. Sortert avfall er ein svært viktig og verdifull ressurs
Ellers så har eg no fått målt energiforbruket vårt til varmtvatn ein ganske lang periode. Ca midt i perioden var eg nede og isolerte dei tidligare uisolerte røyra, for å sjekke om det hadde nokon effekt. Det skal nevnas at eg neppe består nokon svenneprøve med den isoleringa, men det var mest for eksperimentet sin del, og eg har planer om å gjer det skikkelig, for det har faktisk hatt effekt. Før isoleringa hadde med eit gjennomsnitlleg døgnforbruk på 8,5kWh, og etterpå har me gått ned til 7,4kWh. For ordens skyld så har eg trekt ut perioden me var på ferie frå reknestykket, så det er periodar med likt forbruksmønster som er målt. Dersom me rekner ein totalpris inkl nettleige på 1kr/kWh, vil mitt lille tiltak spare oss for ca 400 kr i året, og ein meter med isolasjon inkl tetteclips og teip på Clas Ohlson kostar omtrent 85 kr, så eg tenke eg skal avgårde etter clips og teip for å få gjort det skikkelig :)

fredag 20. mai 2011
Ganske enkelt G9alt
Eg følger med på eit spennande svensk prosjekt for tida, One Tonne Life.Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom energiselskap, husutbyggerselskap, matvarehus, bilprodusent, teknologileverandør, universitet og kommune, samt ein gjennomsnittleg svensk familie.
Denne familien er installert i eit intelligent aktivhus i Stockholm, utstyrt med elbil, og skal prøve å gjennom livsstilsendringar å få sitt årlege CO2-forbruk ned på 1 tonn i året per person, noko som er anslått som det nivået jorda kan tåle på lengre sikt. Familien får heile tida berekna CO2-avtrykket sitt av ekspertar og tilbakemeldingar frå det intelligente målesystemet til huset.
Utgangspunktet deira var på over 7 tonn per person, noko som tilsvarer gjennomsnittsforbruket per person per i dag på verdsbasis. Prosjektet har gått sidan januar, og familien er nå nede i 1,9 tonn utrekna etter siste vekes forbruk. Store delar av reduksjonen er som følge av intelligent og effektivt hus, samt meir miljøvennlige transportalternativ, men det er og interessant å sjå kor stor del av CO2-avtrykket som skyldes matvaner og shopping av diverse dill. Så nå har familien gått inn i konkurransemodus og blitt vegetarianarar på fulltid for å klare målet om 1 tonn innen prosjektet er ferdig om nokre veker
Ein tankevekkjar det at matvaner gjer så stort utslag. I fjor kjørte me ein vegetarisk februar her i huset, men me burde nok bli meir bevisste sånn generellt på å ha vegetarmat og fisk på bekostning av kjøt.
Inspirert av prosjektet har eg gått til innkjøp av ein energimålar frå Clas Ohlson til den nette sum av 150 kr. Den settes i kontakten for det apparatet du vil måle. Her hos oss er det varmtvannsberederen som har fått spesiell merksemd. Ser at leverandørane av varmtvannsberedarar oppgir at du kan spare omlag 35% av varmetapet ved å innstallere ein ny. Ein ny beredar for husbruk avgir omlag 70watt, så ein har då i storleiksorden 30-40watt å spare på å bytte den ut. Altså omlag 300 kWh årleg. På berederrommet vårt er det varmt, og dette kjem nok ikkje berre av varmetap frå sjølve tanken, men frå det stykke med ledningar som ligg uisolert. Dei er iallefall skikkelig gode og varme. Tenkte å måle forbruket i ein periode for så å isolere og sjå om det er nokon skilnad. Spennande og enkel underhaldning for heile familien, og ein fin måte å bli meir bevisst på sitt eige forbruksmønster
Ellers så har eg endelig klart å oppdriva LED-pærer av typen G9, så har fått bytta ut dei for lange sparepærene over spisebordet på 7w med LED-pærer på 2,8w. Ikkje all verda å spare her (30kWh ved 5t på daglig), men det var naudsynt for å bevare synet inntakt. Men i forhold til glødepærene på 40w som stod i då me kjøpte lampane, så er det jo litt (270 kWh). Pærene var ikkje så mykje dyrare enn sparepærene heller, og alle monner drar. Og så ser dei ganske kule ut underifrå

tirsdag 5. april 2011
Som man roper i skogen får man svar
Eg vil ha induksjonskomfyr. Sjøl om me har ein keramisk ein som virker. Tenk på all tida og straumen me kan spare på matlaging seier eg med stjerner i blikket. Sindre er skeptisk. Kva med miljøet? Ja kva med det?
Me har ein keramisk komfyr som me har arva av mor te Stian. Då me fekk den, kasta me ut den gamle med sånne opphøya plater som dei laga før i tida. Den fulgte med huset, og har sikkert hatt lang og tru tjeneste. Men den virka fortsatt, så det var ikkje me heilt lett hjerte me bar den ut i garasjen (og siden kjørte den til Elkjøp- for dei av Luraslekt som måtte komme til å lese dette, så vil eg presisere at me ikkje handla noko på Elkjøp, me bare leverte inn den gamle).
Grønn Hverdag har gjort ein test på bloggen sin på koketid for 1 liter vatn. Dei har målt seg fram til at ein sparer 40% av energien og 40% av tida på å koke opp vatnet på induksjon (eller evt vannkoker) istedenfor på keramisk komfyr. Wow. 40%... Det er mykje energi det! Men kor mykje energi er det eigentleg snakk om? Eg bestemte meg for å teste ut ”Enova svarer” på nett. Eg logga meg på og fekk beskjeden:
”Du er nå koblet opp mot Anita”
Jeg:
9:45:52 |
Hei
|
Jeg:
9:46:23 |
Har dere tall på hva man kan spare på å bytte ut gammel keramisk komfyr med ny induksjonskomfyr?
|
Anita :
9:49:09 |
Komfyrplatene på vanlig komfyr regnes til årsforbruk ca. 220 kwh. Jeg har ikke tallet på hva du kan spare med induksjon, men du lipper å varme opp platene, så noe mindre vil det bli.
|
Jeg:
9:49:47 |
220kWh, er det årsforbruk til matlaging totalt, eller for en plate?
|
Anita :
9:50:25 |
For alle platene.
|
Jeg:
9:50:54 |
det var jo ikke all verden
|
Anita :
9:51:49 |
Nei, hvitevarer bruker ikke mye strøm, men når man kjøper nytt bør man velge det som er mest energigjerrig.
|
Jeg:
9:52:40 |
Selvsagt, men da er ikke besparelsen i seg selv et argument i seg selv dersom vi har en komfyr som virker
|
Anita :
9:53:17 |
Man bytter ikke ut en komfyr som er i orden. Det lønner seg ikke.
|
Jeg:
9:53:50 |
vet du hvor jeg kan finne ut noe om livsløpskostnader for komfyrer. Hva koster(av energi og miljø og materialer) en komfyr å produsere, bruke og kaste
|
Anita :
9:54:44 |
Sjekk med leverandørene, kanskje de har noen statistikker på det.
|
Jeg:
9:54:52 |
ok
|
Jeg:
9:54:55 |
takk for hjelpen!
|
Anita :
9:55:09 |
Lykke til og ha en fin dag!
|
Frå Anita sine visdomsord kan eg konkludere med at eg vil spare 88kWh i året på å skifte til induksjon. Ca 88 kr viss kostnadsaspektet skal vere med. Viss eg då kjøper ein induksjonskomfyr til 7.000, så må eg ha den i ca 80 år for å spare inn kostnaden. Spare Schmare..Sindre 1, Åsta 0.
Kva med total livsløpskostnad i kwh, co2 og kr? Eg er på sporet av dokumentasjon, men det er mykje svada der ute. Følg med i neste episode..
Uansett, man kaster da ikke en komfyr som virker?
Etiketter:
energieffektivisering,
ENOVA,
grønn hverdag,
oppussing
søndag 27. mars 2011
Lynkur for klimaet?
I går skrudde me tradisjonen tru av lysa i ein time mens me stappa i oss ost og frukt og spelte brettspel i ei lun og vedfyrt stove. Earth hour gjorde i Rogaland eit utslag på 19 megawatt, eller effekten for å drive 475.000 40watts lyspærer. Dette er vel lite i det store bildet, men tilsvarer likevel levert effekt frå 8 HyWindmøller eller 25% av HøgJæren EnergiPark. Altså kunne me latt vær å bygge 25% av vindmøllene på HøgJæren ved å redusere energiforbruket på jabnå tilsvarande det me skrudde av i går. Og det burde ver fryktelig mulig.. Dei kWh-ane me lar vær å bruke er dei absolutt billigaste, nokon av dei til og med heilt gratis. Som dei me sparer på å skru av lyset når det ikkje treng å vere på. Utbygging av nye kraftverk om aldri så fornybare kostar mykje mykje meir
Eg kjøper argumenta frå antiearthouristane om at det i det lange løp betyr fuck all ingenting at skular, barnehagar og kontorbygg skur av lyset ein time ein lørdag i året. Det burde jo vore sjølsagt at alle bygg utan kvelds- og helgeverksemd skrur av lyset kvar kveld og helg heile året.. og gjerne kjøre kvelds- og helgesenking av temperatur og di i tillegg
Likevel meiner eg WWF's initiativ EarthHour er viktig for å vise at det blir ein målbar effekt av at så mange (134 land, 4000 byar og kommunar, 1600 signalbygg) klarer å mobilisere og utføre ei faktisk handling for eit felles mål. Med vår tids ufattelige mulighet for kringkasting gjennom internett og sosiale medier burde det være håp for at me kan få til ein bindande global klimaavtale og faktisk få den gjennomført. Svaret på det evige spørsmålet om "kva skjer om alle på jorda hopper samtidg?" treng ikkje vere så langt unna

earth hour,
energieffektivisering,
vindmøller
Abonner på:
Innlegg (Atom)