fredag 20. april 2012

Rett vest

Eg var så heldig å få tilbringe gårsdagen på Utsira ytterst i havgapet.


Heldigvis var ferja på reparasjon, så me fekk ta hydrofoilen i staden og sparte ein halvtime på sjøen kvar veg pluss ei rue med spyposar

Utsira skal vere klimanøytral innen 2020, og profilerer seg som kommunen som gir energi. Fornuftig med ei lita øy som foregangskommune på slikt då det er relativt enkelt å avgrense og måle forbruk og lage klimagassregnskap. 


Blir spennande å følge dei på vegen mot målet!

Restane av hydrogensamfunnet Utsira er no innelåste i ein garasje, men det er iallefall stilig at dei turde prøve å teste ut hydrogen som energilagring i litt større enn labskala :) Vindmøllene frå prosjektet står uansett like støtt og leverer energi som bare det.



Det finst og øysyklar til fri benyttelse, og det er satt opp ei hytte laga av vrakgods frå havet. Med andre ord mykje snadder for folk som er opptatt av energi og miljø og sånt



Det må og nevnast at det er fantastisk fint der ute med naturen så tett på. Absolutt verdt ein tur ut for tøffingar som har sjøbein nok til ein time på ferje over åpent hav







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar