4 for anledningen dørmonterte vifter drog 28.000 m3 luft i timen ut av bygget for å skape ein stabil trykkforskjell å måle på. Det var ganske heftig blåst der inne,og det var ikkje akkurat lyddemping på viftene, så det føltes som å vær inne i eit ventilasjonsaggregat (Ja,eg har vore inne i eit!) så eg var glad då eg kunne gå igjen og dei andre fremdeles hadde maange timar med målingar til gode.
På innsida av døra såg det ut som eit high tech telt
Her er grafisk framstilling (grønne prikkar) av trykkauken då eg kom inn i bygget. Trur trykket steig frå 60til 50Pa undertrykk bare ved at eg åpna døra,men det stabiliserte seg raskt igjen
Sjølve termograferinga føregjekk med spesialkamera med farge som visuelt bilde på temperaturforskjeller og lekkasjar. Nett som aurafotograferinga eg har observert på alternativmessa.. Mange av bildene var så stilige at eg kunne hatt dei på veggen :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar