lørdag 9. juni 2012

Heia Tyskland

Og kem sa at europeisk solkraft ikkje er ein del av framtida?



Det var riktignok ein laurdag der sikkert mykje kraftkrevande verksemd stod stille, og i tillegg full sol. Men eg syns det er imponerande å klare dekke 50% av dagsbehovet likevel.

Ellers så er eg igang med forskning på vertical farming ute på terrassen. På nokså basic nivå foreløpig, men fant ei kjekk og arealbesparande planteløysing for urtene og grønsakene mine, der kløverforma plastpotter kan stablas i høyden. Frisk farge har dei og. Trur eg må kjøpe meg eit par etasjar til



Eg har tatt til meg visdomsorda frå Ingvald Erga om at det heiter pionerplanter og ikkje ugras. Hagen min får i ein viss grad leve sitt eige liv, og pionerplantene rår grunnen. Eg tok inn eit knippe til kvelden, for eg syns igrunnen dei er ganske fine :) Smørblomst og ein eller annan mynteluktande låg plante med blå blommar slår stauder og sommarblommar med flotte latinske navn kva dag som helst for min del




1 kommentar:

  1. I disse EM-tider synes eg at tittelen her e någe misvisandes..

    SvarSlett