torsdag 5. mai 2011

Der fuglane syng, er graset grønare

Med kompost og økologisk hagebruk på programmet,  suste eg og Sindre utover Jæren til Orre og Ingvald Erga. Eg har kjørt forbi mange gonger tidlegare og sett det stilige huset og tenkt at dit skal eg på besøk ein gong, og slik vart det endeleg


Ettermiddagen vart ei fin blanding av nyttige tips, gode argument og interresante idear ispedd ein passe dose hippiekultur og new age:) Me starta med ein rundtur i hagen, der det sverma horder av svære mygg. Vart litt avskrekka då ein av dei prøvde å komme seg inn i øyret mitt, men det var heldigvis ikkje-stikkande mygg, så me vart vande med dei etter ei stund


Myggen vart sett på som ein naturleg del av artsmangfaldet der ute, og var velkommen i og med at den haldt vekke dei små myggane som stikk og er mykje meir irriterande. Ingvald gjorde oss oppmerksomme på lerkesongen frå kjelvå, og sa at ved tilfelle av dyrking i drivhus, vart avlingane merkbart betre av å spele musikk på visse frekvensar på høytalar for plantene. Frekvensane var omtrent som fuglesong, og altså kan det virke som om plantene sin trivsel blir påvirka av fuglesongen. Dette hadde visstnok støtte i Gaiateorien, som seier at naturen er eit sjølvregulerande univers.



Me fekk smaka på utvalget av urter, mellom anna spansk kjørvel (bedre kjent som Kongen av Danmark). Den var god! På Orre som på Sandnes hadde dei drista seg til å plante ut basilikumen allerede, så krysser fingrane for at den overlever.  Det klødde virkelig i dyrkefingrane då me fann ut at me kan bruke jordskokk som hekkplante, og me fekk tips om ein urteguru Olav Vandeskog på Lindesnes som var verdt å ta turen til for å få tak i spennande og sjeldnare urter


På eigedomen hadde dei og to frittgåande økologiske grasklipparar.
Når det gjeld kompost, så gjaldt prinsippet 3 delar matavfall til 1 del tørrstoff. Me har til no brukt Plantasjen sin latterlig dyre kompostbark, men trur eg melder overgang til ei blanding av spøna og heimelaga kverna og tørka greiner. Dessuten såg greipa mykje greiere ut å røre med enn den pinglete pinnen eg har.


Ingvald meinte det burde begynne å bli varmgang i godsakene etter omtrent ei veke, og jammen var det ikkje begynt å bli temperatur i KompostBjørn då me kom heim :)

Me fekk og opplysningar om Skvallerkålen til ettertanke. Den fyller ei viktig oppgåve med å verne den bare jorda mot erosjon. Så den må gjerne få bu i hagen på stader der me ikkje har anna beplantning. Og den er jo god i mat dersom ein klarer å heve seg frå irritasjonen over den.


Eit heimelaga, stort drivhus med eigen salamanderdam hadde dei og. Med heimesnekra vanningsanlegg (med levande vatn frå dammen utanfor) og søte små lufteluker som kunne vore dører i eit Hobbithus. Her fekk me mange gode dyrketips, og nå ønsker me oss veldig eit minidrivhus. Og eit litt større etterkvart.

Til slutt var det samling i halmhuset, som er bygd med halm og leire som isolasjon i veggene. Der fekk me innføring i teoretiske aspekt, mellom anna ei rask innføring i antroposofisk metode for bestemming av næringsinnhold i mat. Interresant med ei anna tilnærming til temaet! Det vart og drege fram rapportar om økologisk dyrking som verkeleg motseier argumenta som vart framlagt i TU forrige veke. Gleder meg til å lese rapportar som understøtter den økologiske tankegangen. Og tenk at det faktisk fins eit firma med slagordet "No food shall be grown that we don't own" Det er ganske vemmelig å tenke på og ganske stormannsgalt


Kjente det var godt med eit lite hippieboost utante Jæren, og gleder meg til ut i hagen i mårå

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar