fredag 20. mai 2011

Ganske enkelt G9alt

Eg følger med på eit spennande svensk prosjekt for tida, One Tonne Life.Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom energiselskap, husutbyggerselskap, matvarehus, bilprodusent, teknologileverandør, universitet og kommune, samt ein gjennomsnittleg svensk familie.

Denne familien er installert i eit intelligent aktivhus i Stockholm, utstyrt med elbil, og skal prøve å gjennom livsstilsendringar å få sitt årlege CO2-forbruk ned på 1 tonn i året per person, noko som er anslått som det nivået jorda kan tåle på lengre sikt. Familien får heile tida berekna CO2-avtrykket sitt av ekspertar og tilbakemeldingar frå det intelligente målesystemet til huset.

Utgangspunktet deira var på over 7 tonn per person, noko som tilsvarer gjennomsnittsforbruket per person per i dag på verdsbasis. Prosjektet har gått sidan januar, og familien er nå nede i 1,9 tonn utrekna etter siste vekes forbruk. Store delar av reduksjonen er som følge av intelligent og effektivt hus, samt meir miljøvennlige transportalternativ, men det er og interessant å sjå kor stor del av CO2-avtrykket som skyldes matvaner og shopping av diverse dill. Så nå har familien gått inn i konkurransemodus og blitt vegetarianarar på fulltid for å klare målet om 1 tonn innen prosjektet er ferdig om nokre veker

 Ein tankevekkjar det at matvaner gjer så stort utslag. I fjor kjørte me ein vegetarisk februar her i huset, men me burde nok bli meir bevisste sånn generellt på å ha vegetarmat og fisk på bekostning av kjøt.




Inspirert av prosjektet har eg gått til innkjøp av ein energimålar frå Clas Ohlson til den nette sum av 150 kr. Den settes i kontakten for det  apparatet du vil måle. Her hos oss er det varmtvannsberederen som har fått spesiell merksemd. Ser at leverandørane av varmtvannsberedarar oppgir at du kan spare omlag 35% av varmetapet ved å innstallere ein ny. Ein ny beredar for husbruk avgir omlag 70watt, så ein har då i storleiksorden 30-40watt å spare på å bytte den ut. Altså omlag 300 kWh årleg. På berederrommet vårt er det varmt, og dette kjem nok ikkje berre av varmetap frå sjølve tanken, men frå det stykke med ledningar som ligg uisolert. Dei er iallefall skikkelig gode og varme. Tenkte å måle forbruket i ein periode for så å isolere og sjå om det er nokon skilnad. Spennande og enkel underhaldning for heile familien, og ein fin måte å bli meir bevisst på sitt eige forbruksmønster




Ellers så har eg endelig klart å oppdriva LED-pærer av typen G9, så har fått bytta ut dei for lange sparepærene over spisebordet på 7w med LED-pærer på 2,8w. Ikkje all verda å spare her (30kWh ved 5t på daglig), men det var naudsynt for å bevare synet inntakt. Men i forhold til glødepærene på 40w som stod i då me kjøpte lampane, så er det jo litt (270 kWh). Pærene var ikkje så mykje dyrare enn sparepærene heller, og alle monner drar. Og så ser dei ganske kule ut underifrå


2 kommentarer:

  1. Eg liker særs godt tanken bak bevisst bruk :) spennande å sjå kor det går med det store bereder -og isoleringsprosjektet!:)

    SvarSlett
  2. gjennomsnittet så langt viser at me ligg an til årsforbruk på i overkant av 3000 kWh. Litt usikker på ka som er gjengs tal på dette for ei gjennomsnittshuhaldning, men blir spennande å sjå om det er nokon effekt å isolere ja

    SvarSlett