Det florerer av reklame i avisa for tida med butikkar som ønsker at eg bruker feriepengane mine hos dei. Og det er salg i heile Sandnes på alt mulig. Alle vil at eg ska kjøpa kjøpa kjøpa. Treng eg virkelig meir ting inn i huset til sommaren? Så i dag har eg heller blitt heime for å rydde i alt rotet som me egentlig ikkje har plass til. Eg har hørt at viss du eig meir enn åtte ting, så eig tinga deg. Isåfall er eg ein stakkars fanga sjel. Og eg handler jo ikkje SÅ mykje, gjer eg? Heilt ufattelig kossen det hoper seg opp. Har planer om å lage om roterommet til dobbelt gutterom til hausten, så det er mange ting der oppe som treng nye eigarar etter kvart er eg redd. Dagens fangst så langt er ei stor øskje med klær og leker til Fretex. Det står allerede to øskjer med kjøkkenutstyr i garasjen, så eg håper virkelig det er nokon som får glede av desse tinga etter at me får levert dei frå oss. Me jobber med å skifte ut den gamle kjøkkeninnredninga frå 60-talet (Det må vel ver lov når det har hatt så lang og tru teneste?), og eg prøver å overbevise dei andre om at me kan klare oss uten nye overskap. Det er derfor eg har prøvd å sile ut det me ikkje treng. Så sparer me lett to overskap. Heilt idiotisk å handle inn ekstra møbler for å få plass til alt rælet som me egentlig ikkje har bruk for. Det seier jo sitt om kva overflod me lever i. Trur det er viktig å reflektere litt over det av og til. Som til dømes i dag
Elles så har eg kasta meg på spirebølga. Å spire frø og bønner i ølglas på kjøkkenbenken er ei dyrkingsform som alle kan klare. Hell på frø/bønner og vatn, ha over aluminiumsfolie. Skift vatn med jevne mellomrom og et når dei er sprunge ut av frøskalet. Krever kun romtemperatur, og vil gjerne ha det litt mørkt. Eller lyst, alt ettersom. NASA omfavna denne metoden for dyrking ombord på romskip slik at astronautane skulle ha friske grønsaker og tilgang på viktige næringsstoff. Me hadde ein fin vegetarmiddag i går med heimelaga falafler, nanbrød og couscous med mungbønnespirer. Til og med Bjørn likte det :) Men nå har søren meg spiring og blitt farleg. E-coli herjer Europa, og myngdighetene anbefaler at all spiring opphører med umiddelbar virkning.. Det tryggaste er vel snart å ikkje ete i det heile tatt eller nøye seg med steikt kjøttdeig uten tilbehør
torsdag 30. juni 2011
Spede spira lyt få stå
onsdag 22. juni 2011
Søppel og hyttefolk
Eg hørte på lokalen her ein morgon at det var problem med at folk stacka opp hauger av miljøfarlig avfall ved hyttekonteinarane i Rogaland. Om det var hyttefolka sjøl eller andre som stod bak dette vites ikkje, men likevel. Ærlig talt! Kva er det som går av folk? Har du skaffa deg greier som resulterer i farlig avfall så har du eit ansvar for å bli kvitt det på ærleg vis. Og du skal ikkje prakke søppelet ditt over på andre fordi du ikkje orker ta turen ut til Bærheim eller kor det måtte vere. Det kunne jo fort ha kosta deg ein hundrelapp eller to og. Det er til slutt ein pris som må betales, enten som skatt eller kommunale avgifter, og dette går ut over alle. Og dei som samvittighetsfullt sorterer sitt avfall både heime og på hytta. Dessuten er det sikkert utruleg irriterande for dei som bruker hyttene og ikkje får kasta søppelet sitt, som dei har betalt for å få lov til, fordi nokon andre har stappa konteinarane fulle av allslags drit
Heldigvis gleder det eit moderhjerte at guttungen på 2 og et halvt kjefter på folk som kaster søppel utenfor barnehagen og plukker med seg skrot på veien heim for å sortere og kaste. Så der er håp for framtida tross alt

tirsdag 14. juni 2011
Vertikale bønder og innendørs vindmøllepark
Det finst mykje rart på internett. Mellom anna innendørs vindmølleparkar. Trones energipark er ferdig installert, men har ikkje begynt å levere straum til nettet heilt ennå
Ellers så var eg og såg utstillinga RECAST - Scener fra Jæren på KINOKINO i Sandnes i dag. Utstilling om arkitekturens rolle i forhold til endrede forutsetninger og utfordringer som Nord-Jæren står overfor når oljealderen går mot slutten. Mykje fine bilder av Sandnes og Jæren før og nå og etterpå. Og eit veldig interessant innslag om Dickson Despommier som har skrive ei bok som heiter the vertical farm. Han driv og forsker på vertikal dyrking av mat innandørs i urbane område. Mykje spennande tankar. Stilig viss me kunne lage bygg her i regionen med grøne og etande vegger. Eg har sett døme på det innanfor den amerikanske miljøbyggmerkeordninga LEED, så kanskje det finst åpningar for slikt når BREEAM fester grepet? Slike bygg vil jo få auka krav til tekniske installasjonar og vil eg tru, og det er jo kjekt for oss som jobber med denslags. "The vertical farm" er herved lagt til på leselista mi for sommaren. Berre synd den ikkje var tilgjengelig på elektronisk format..
Foruten at utstillinga er gratis og lokalisert i herlige Sandnes, så ligg Benk kaffibar vegg i vegg, og den kombinasjonen kan ikkje slå feil :)
onsdag 1. juni 2011
Om H-melk og grønnmaling
Det virker som eg har blitt litt meir medviten av alt denne skrivinga. Sist me var å å handla, kjøpte eg heller H-melk som haldt på å gå ut på dato enn den økologiske lettmelka eg hadde tenkt å kjøpe. Kjøpte og svin som var på vei ut av dato heller enn lam. Forhåpenligvis var det eit bidrag til at butikken fekk litt mindre søppel, samtidig som eg faktisk sparte nokre kroner. Så får det bli økologisk lettmelk og lam neste gong heller. Og tross alt så er det jo H-melk som gjer susen i latten og havregrøten.
Gjorde litt undersøkingar her om dagen etter eg hadde malt, og fant ut at det beste miljøalternativet for interiørmaling på marknaden sannsynligvis er Sens. Denne har EU-blomsten og svanemerket og i tillegg er den einaste interiørmalinga med NAAF-godkjenning. NAAF krever først EU-blomst og svanemerket, men har og tilleggkriterier i forhold til avdamping mens ein maler. Den eg mala med hadde berre EU-blomst og svanemerke, men var nestbeste alternativ då det ikkje gjekk å få så mørke fargar i Sens. Så får eg heller bruke beste alternativ når gutterommet skal malast etterkvart

torsdag 26. mai 2011
Grønt ute, grønt inne
Har hatt litt trøbbel med å halde gangen i komposten, men har fulgt rådet til Ingvald Erga om å lø på med bark, så nå begynner det å ta seg opp att. Har fått meg eit lite rituale med å gå ut å røre i komposten med greipa kvar kveld. Utrulig kjekt å følge med på utviklinga oppi der, og eg tek til å forstå folk som blir hekta på hage og dyrking. Og i går var temperaturindikatoren omsider tilbake på rosa, og altså godt og varmt nedi bingen
Frøa som vart sådd i april har og begynt å føre fram, og nå er hagen full av salat av alle slag. Gjødsla kun med hestalort frå Kalberg. Så i dag blir det hagesalat til middagen
Og inne spirer både agurk og tomat, så me ser fram til me kan begynne å hauste
I inspirasjon av alt det grøne, har eg fått meg eit grønt hjørne i stova og. Sjølsagt malt med svanemerka maling, (uten at det betyr at du skal sove med open boks på soverommet.. )Det vart mykje betre enn den uferdige sparkelgrå veggen som var der før. Bare litt pynt gjenstår no, så blir det bra
I morgon starter Jærdagen på Bryne, der det i år blir ein stor marknad med lokale kortreiste matvarer. Gler meg stort til det! Og ein tur til Bryne medfører og panoramautsikt til vindmølleparken for dei som kjem nordfrå, så det er vel verdt ein tur :)
Etiketter:
hage,
kompostering,
Kortreist mat,
oppussing,
vindmøller
fredag 20. mai 2011
Ganske enkelt G9alt
Eg følger med på eit spennande svensk prosjekt for tida, One Tonne Life.Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom energiselskap, husutbyggerselskap, matvarehus, bilprodusent, teknologileverandør, universitet og kommune, samt ein gjennomsnittleg svensk familie.
Denne familien er installert i eit intelligent aktivhus i Stockholm, utstyrt med elbil, og skal prøve å gjennom livsstilsendringar å få sitt årlege CO2-forbruk ned på 1 tonn i året per person, noko som er anslått som det nivået jorda kan tåle på lengre sikt. Familien får heile tida berekna CO2-avtrykket sitt av ekspertar og tilbakemeldingar frå det intelligente målesystemet til huset.
Utgangspunktet deira var på over 7 tonn per person, noko som tilsvarer gjennomsnittsforbruket per person per i dag på verdsbasis. Prosjektet har gått sidan januar, og familien er nå nede i 1,9 tonn utrekna etter siste vekes forbruk. Store delar av reduksjonen er som følge av intelligent og effektivt hus, samt meir miljøvennlige transportalternativ, men det er og interessant å sjå kor stor del av CO2-avtrykket som skyldes matvaner og shopping av diverse dill. Så nå har familien gått inn i konkurransemodus og blitt vegetarianarar på fulltid for å klare målet om 1 tonn innen prosjektet er ferdig om nokre veker
Ein tankevekkjar det at matvaner gjer så stort utslag. I fjor kjørte me ein vegetarisk februar her i huset, men me burde nok bli meir bevisste sånn generellt på å ha vegetarmat og fisk på bekostning av kjøt.
Inspirert av prosjektet har eg gått til innkjøp av ein energimålar frå Clas Ohlson til den nette sum av 150 kr. Den settes i kontakten for det apparatet du vil måle. Her hos oss er det varmtvannsberederen som har fått spesiell merksemd. Ser at leverandørane av varmtvannsberedarar oppgir at du kan spare omlag 35% av varmetapet ved å innstallere ein ny. Ein ny beredar for husbruk avgir omlag 70watt, så ein har då i storleiksorden 30-40watt å spare på å bytte den ut. Altså omlag 300 kWh årleg. På berederrommet vårt er det varmt, og dette kjem nok ikkje berre av varmetap frå sjølve tanken, men frå det stykke med ledningar som ligg uisolert. Dei er iallefall skikkelig gode og varme. Tenkte å måle forbruket i ein periode for så å isolere og sjå om det er nokon skilnad. Spennande og enkel underhaldning for heile familien, og ein fin måte å bli meir bevisst på sitt eige forbruksmønster
Ellers så har eg endelig klart å oppdriva LED-pærer av typen G9, så har fått bytta ut dei for lange sparepærene over spisebordet på 7w med LED-pærer på 2,8w. Ikkje all verda å spare her (30kWh ved 5t på daglig), men det var naudsynt for å bevare synet inntakt. Men i forhold til glødepærene på 40w som stod i då me kjøpte lampane, så er det jo litt (270 kWh). Pærene var ikkje så mykje dyrare enn sparepærene heller, og alle monner drar. Og så ser dei ganske kule ut underifrå

fredag 13. mai 2011
Bjørn say potato, I say tomato
Her om dagen kom Bjørn glad og fornøyd heim frå Gjesdal med ein sekk settepoteter, så siste prosjektet har vore å laga et godt gammaldags eplestykkje i eine hjørnet av hagen. Så gutta boys (og litt eg, men eg syns det vart litt tungt å grave opp HQ skvallerkål for hånd. Var litt misunnelig på naboen som hadde leid gravemaskin for helga) svingte spader og greip, lagte fårer og sette i. Blir sikkert hundre kilo poteter av det der, så det blir mykje komler i haust tenkjer eg
I går ettermiddag tok eg turen utover Jæren igjen, denne gong i regi av Natt og Dag urtelag, som eg er medlem av. Turen i dag gjekk til Wiig gartneri på Orre med presentasjon, smaking og handling på timeplanen. Dei driv 50.000 m2 med drivhus der ute, og er kobla på Lyse sitt gassnett. Ikkje den reinaste energikjelda, men dei har då i det minste eit relativ fleksibelt vannbårent system, samstundes som dei nyttar CO2-en frå forbrenninga som mat til plantene. Wiigfamilien er forøvrig medeigarar i det nye miljøgartneriet i Kviamarka, og her er det jo eit meir miljøvennlig oppvarmingssystem med spillvarme frå meieriet. Men det er det fleire av dykk som les dette som kan uendeleg mykje meir om enn både meg og Wiig..
Då eg freidig spurte om dei brukte sprøytemiddel, fekk eg til mi store glede det svaret eg ville ha. Altså er alle tomater, agurkar og paprikaer frå Wiig garantert sprøytefrie :) Dei bruker derimot fleire millionar kroner i året på å kjøpe rovinsekt av ulike slag for å bekjempe skadedyr biologisk. Hurra!(Men eg trur nok dette er gjeldande for dei fleste, om ikkje alle, tomatdyrkarar i området her) I tillegg har grønsakene frå Wiig kort reiseveg ut til butikkane. Og slik kortreist mat både lukter og smaker mykje betre enn langreist. Så nå i høgsesongen, folkens, fins det ingen unnskyldningar for ikkje å handle norske kortreiste og sprøytefrie grønsaker i butikken! Det er jo og mulig å ta ein tur til eit av gartneria sine utsalg og. Då er det garantert dagsferskt, samstundes som det kan vere ein triveleg tur for både store og små
Forresten så er det Fairtradedag i Østervåg og fargegata i Stavanger på lørdag (14.mai) frå kl 11.00. Kanskje me snakkes?
Etiketter:
energiløysingar,
fairtrade,
hage,
Kortreist mat,
sprøytemiddel,
urter
Abonner på:
Innlegg (Atom)