Og kem sa at europeisk solkraft ikkje er ein del av framtida?
Det var riktignok ein laurdag der sikkert mykje kraftkrevande verksemd stod stille, og i tillegg full sol. Men eg syns det er imponerande å klare dekke 50% av dagsbehovet likevel.
Ellers så er eg igang med forskning på vertical farming ute på terrassen. På nokså basic nivå foreløpig, men fant ei kjekk og arealbesparande planteløysing for urtene og grønsakene mine, der kløverforma plastpotter kan stablas i høyden. Frisk farge har dei og. Trur eg må kjøpe meg eit par etasjar til
Eg har tatt til meg visdomsorda frå Ingvald Erga om at det heiter pionerplanter og ikkje ugras. Hagen min får i ein viss grad leve sitt eige liv, og pionerplantene rår grunnen. Eg tok inn eit knippe til kvelden, for eg syns igrunnen dei er ganske fine :) Smørblomst og ein eller annan mynteluktande låg plante med blå blommar slår stauder og sommarblommar med flotte latinske navn kva dag som helst for min del
Bærekraft Schmærekraft
lørdag 9. juni 2012
Heia Tyskland
Etiketter:
energiløysingar,
hage,
Kortreist mat,
solenergi,
vertical farming
fredag 25. mai 2012
å sykle blant kaninar
då var sykle-til-jobb-sesongen endelig skikkelig i gang. første gong eg prøvde sykla eg meg så bort på Forus at eg brukte ein time og ti minutt frå Trones til Ullandhaug. ein ganske imponerande bragd.. hadde lyst å kaste sykkelen og ringe taxi. men eg har fått sykla meg inn denne veka og har funne ei koselig landlig løype via Godesetdalen og har redusert turen til 40 min i rolig tempo. siste stykket mot Ullandhaug går på grusveg med flotte tre på begge sider. og når eg når Ullrig sykler eg forbi ein gjeng fastbuande og beitande kaninar før eg kan trille inn til nybygga sykkelskur. jammen er eg glad eg investerte i sykkelsko istadenfor bil!
søndag 6. mai 2012
Fasiten
I dag har eg logga energibruken på varmtvannsberedaren vår i eit heilt år, og har dermed fasiten på forbruket. Me har brukt 3146 kWh på varmt vatn siden 06.mai i fjor. Det tilsvarer omlag 3000 kr og 15% av årleg straumforbruk.Eg syntes ikkje det var så ille igrunn, men me har jo to små gutar som bader stort sett bare ein gong i veka. Det blir nok andre tal å sjå når dei blir tenåringar tenkjer eg
Standard energiforbruk til tappevatn for småhus er ifølge NS3031 omlag 30kWh/år m2. Vårt forbruk skulle isåfall ha vore 4300 kWh, så me må vel sei oss nøgde
Eg kan ikkje sjå at det er veldig store potensial i å setje inn tiltak foreløpig, sjøl om det kunne vore snasent med ein solfangar på taket. Isolasjon av røyr er allerede utført, men utførelsen har nok forbetringspotensial. Så auke kvalitet på isolasjonen og måle eit år til virker som ein god plan
Kjekt eksperiment iallefall, og ein slik energimåler eg har brukt koster ikkje meir enn eit par hundrelappar hos Clas Ohlson :)

fredag 27. april 2012
Lekkasjetest
Her om dagen fekk eg vær flua på veggen under lekkasjetest og termografering av eit bygg. For uinvidde så gjer ein lekkasjetest svar på kor mykje oppvarma luft som går til å fyre for kråkene gjennom utettheter i bygningskroppen f.eks rundt vindu, i sammenføyingar av ulike bygningsdeler og andre hål og sprekker i konstruksjonen
4 for anledningen dørmonterte vifter drog 28.000 m3 luft i timen ut av bygget for å skape ein stabil trykkforskjell å måle på. Det var ganske heftig blåst der inne,og det var ikkje akkurat lyddemping på viftene, så det føltes som å vær inne i eit ventilasjonsaggregat (Ja,eg har vore inne i eit!) så eg var glad då eg kunne gå igjen og dei andre fremdeles hadde maange timar med målingar til gode.
Her er grafisk framstilling (grønne prikkar) av trykkauken då eg kom inn i bygget. Trur trykket steig frå 60til 50Pa undertrykk bare ved at eg åpna døra,men det stabiliserte seg raskt igjen
Sjølve termograferinga føregjekk med spesialkamera med farge som visuelt bilde på temperaturforskjeller og lekkasjar. Nett som aurafotograferinga eg har observert på alternativmessa.. Mange av bildene var så stilige at eg kunne hatt dei på veggen :-)
Dette bildet viser ein teglsteinsvegg med sånne steiner med mange små hål i. Store temperaturforskjeller! Og det gjekk heilt tydelig an å kjenne trekken frå hålene. Blir spennande å få resultatet av lekkasjetesten då me kan nytte dei til energiberegninga av bygget. Alltid kjekt med målte inndata!
4 for anledningen dørmonterte vifter drog 28.000 m3 luft i timen ut av bygget for å skape ein stabil trykkforskjell å måle på. Det var ganske heftig blåst der inne,og det var ikkje akkurat lyddemping på viftene, så det føltes som å vær inne i eit ventilasjonsaggregat (Ja,eg har vore inne i eit!) så eg var glad då eg kunne gå igjen og dei andre fremdeles hadde maange timar med målingar til gode.
På innsida av døra såg det ut som eit high tech telt
Her er grafisk framstilling (grønne prikkar) av trykkauken då eg kom inn i bygget. Trur trykket steig frå 60til 50Pa undertrykk bare ved at eg åpna døra,men det stabiliserte seg raskt igjen
Sjølve termograferinga føregjekk med spesialkamera med farge som visuelt bilde på temperaturforskjeller og lekkasjar. Nett som aurafotograferinga eg har observert på alternativmessa.. Mange av bildene var så stilige at eg kunne hatt dei på veggen :-)
fredag 20. april 2012
Rett vest
Eg var så heldig å få tilbringe gårsdagen på Utsira ytterst i havgapet.
Heldigvis var ferja på reparasjon, så me fekk ta hydrofoilen i staden og sparte ein halvtime på sjøen kvar veg pluss ei rue med spyposar
Utsira skal vere klimanøytral innen 2020, og profilerer seg som kommunen som gir energi. Fornuftig med ei lita øy som foregangskommune på slikt då det er relativt enkelt å avgrense og måle forbruk og lage klimagassregnskap.
Blir spennande å følge dei på vegen mot målet!
Restane av hydrogensamfunnet Utsira er no innelåste i ein garasje, men det er iallefall stilig at dei turde prøve å teste ut hydrogen som energilagring i litt større enn labskala :) Vindmøllene frå prosjektet står uansett like støtt og leverer energi som bare det.
Det finst og øysyklar til fri benyttelse, og det er satt opp ei hytte laga av vrakgods frå havet. Med andre ord mykje snadder for folk som er opptatt av energi og miljø og sånt
Det må og nevnast at det er fantastisk fint der ute med naturen så tett på. Absolutt verdt ein tur ut for tøffingar som har sjøbein nok til ein time på ferje over åpent hav
Etiketter:
energieffektivisering,
energiløysingar,
lokal turisme,
vindmøller
søndag 8. april 2012
Inspirasjon
Med april kom lyset tilbake og bragte med seg inspirasjon og virkelyst
Stova fungerer som foreløpig drivhus, og tomat og basilikum er i full spiring. Eg har og sådd ørten ulike etande vekster frå Runåbergs økologiske frøer i mikrodrivhus og er veldig spent på kva eg får utav det
Eg bunkra opp med 3 episodar Deadwood, og nytta den nyankomne inspirasjonen til å mekke husets første gardiner av eit herlig rødprikka stoff som stammer frå Fretex eller Maria Schei på Bryne. Begge verksemder der det å ta vare på står (stod) i fokus. Pfaffen måtte børstas støv av, men den gjekk framleis som ei klokke.
Einaste strek i rekninga var ar Deadwood dvd-en konka midtveis i første episode ( that cocksucker!) og vart erstatta av engelsk krim.. Ingen fullgod erstatning, men gardiner vart det no iallefall. Drilling i murvegg får vente til i mårå før eg får sjå det endelige resultatet

onsdag 22. februar 2012
Sandnes ♥
Hadde egentlig ikkje trudd at eg som utflytta jærbu skulle trivast så godt som gauk, men Sandnes er i ferd med å bli den framtidena by eg hadde håpa på
Det er mykje positivt på gang i Sandnes. Eg les med glede i Aftenbladet om passivhus og planer for heilhetlig og grøn utbygging av Dale, indre havn og området rundt Ruten
I tillegg kan eg sitte på Ruten på fantastiske Coffeeberry og drikke Norges beste kaffi mens eg ser på gravemaskinane som er i sving med å transformere eit utdatert parkeringshus til bustader og arbeidsplasser med byens beste beliggenhet i forhold til buss og jernbane
Hurra for Sandnes!

framtidens by Sandnes,
kaffi,
kollektivtransport
Abonner på:
Innlegg (Atom)