onsdag 22. juni 2011

Søppel og hyttefolk

Eg hørte på lokalen her ein morgon at det var problem med at folk stacka opp hauger av miljøfarlig avfall ved hyttekonteinarane i Rogaland. Om det var hyttefolka sjøl eller andre som stod bak dette vites ikkje, men likevel. Ærlig talt! Kva er det som går av folk? Har du skaffa deg greier som resulterer i farlig avfall så har du eit ansvar for å bli kvitt det på ærleg vis. Og du skal ikkje prakke søppelet ditt over på andre fordi du ikkje orker ta turen ut til Bærheim eller kor det måtte vere. Det kunne jo fort ha kosta deg ein hundrelapp eller to og. Det er til slutt ein pris som må betales, enten som skatt eller kommunale avgifter, og dette går ut over alle. Og dei som samvittighetsfullt sorterer sitt avfall både heime og på hytta. Dessuten er det sikkert utruleg irriterande for dei som bruker hyttene og ikkje får kasta søppelet sitt, som dei har betalt for å få lov til, fordi nokon andre har stappa konteinarane fulle av allslags drit

Heldigvis gleder det eit moderhjerte at guttungen på 2 og et halvt kjefter på folk som kaster søppel utenfor barnehagen og plukker med seg skrot på veien heim for å sortere og kaste. Så der er håp for framtida tross alt

tirsdag 14. juni 2011

Vertikale bønder og innendørs vindmøllepark

Det finst mykje rart på internett. Mellom anna innendørs vindmølleparkar. Trones energipark er ferdig installert, men har ikkje begynt å levere straum til nettet heilt ennå



Ellers så var eg og såg utstillinga RECAST - Scener fra Jæren på KINOKINO i Sandnes i dag. Utstilling om arkitekturens rolle i forhold til endrede forutsetninger og utfordringer som Nord-Jæren står overfor når oljealderen går mot slutten. Mykje fine bilder av Sandnes og Jæren før og nå og etterpå. Og eit veldig interessant innslag om Dickson Despommier som har skrive ei bok som heiter the vertical farm. Han driv og forsker på vertikal dyrking av mat innandørs i urbane område. Mykje spennande tankar. Stilig viss me kunne lage bygg her i regionen med grøne og etande vegger. Eg har sett døme på det innanfor den amerikanske miljøbyggmerkeordninga LEED, så kanskje det finst åpningar for slikt når BREEAM fester grepet? Slike bygg vil jo få auka krav til tekniske installasjonar og vil eg tru, og det er jo kjekt for oss som jobber med denslags. "The vertical farm" er herved lagt til på leselista mi for sommaren. Berre synd den ikkje var tilgjengelig på elektronisk format.. 

Foruten at utstillinga er gratis og lokalisert i herlige Sandnes, så ligg Benk kaffibar vegg i vegg, og den kombinasjonen kan ikkje slå feil :)

onsdag 1. juni 2011

Om H-melk og grønnmaling

Det virker som eg har blitt litt meir medviten av alt denne skrivinga. Sist me var å å handla, kjøpte eg heller H-melk som haldt på å gå ut på dato enn den økologiske lettmelka eg hadde tenkt å kjøpe. Kjøpte og svin som var på vei ut av dato heller enn lam. Forhåpenligvis var det eit bidrag til at butikken fekk litt mindre søppel, samtidig som eg faktisk sparte nokre kroner. Så får det bli økologisk lettmelk og lam neste gong heller. Og tross alt så er det jo H-melk som gjer susen i latten og havregrøten.

Gjorde litt undersøkingar her om dagen etter eg hadde malt, og fant ut at det beste miljøalternativet for interiørmaling på marknaden sannsynligvis er Sens. Denne har EU-blomsten og svanemerket og i tillegg er den einaste interiørmalinga med NAAF-godkjenning. NAAF krever først EU-blomst og svanemerket, men har og tilleggkriterier i forhold til avdamping mens ein maler. Den eg mala med hadde berre EU-blomst og svanemerke, men var nestbeste alternativ då det ikkje gjekk å få så mørke fargar i Sens. Så får eg heller bruke beste alternativ når gutterommet skal malast etterkvart

torsdag 26. mai 2011

Grønt ute, grønt inne

Har hatt litt trøbbel med å halde gangen i komposten, men har fulgt rådet til Ingvald Erga om å lø på med bark, så nå begynner det å ta seg opp att. Har fått meg eit lite rituale med å gå ut å røre i komposten med greipa kvar kveld. Utrulig kjekt å følge med på utviklinga oppi der, og eg tek til å forstå folk som blir hekta på hage og dyrking. Og i går var temperaturindikatoren omsider tilbake på rosa, og altså godt og varmt nedi bingen


Frøa som vart sådd i april har og begynt å føre fram, og nå er hagen full av salat av alle slag. Gjødsla kun med hestalort frå Kalberg. Så i dag blir det hagesalat til middagen



Og inne spirer både agurk og tomat, så me ser fram til me kan begynne å hauste


I inspirasjon av alt det grøne, har eg fått meg eit grønt hjørne i stova og. Sjølsagt malt med svanemerka maling, (uten at det betyr at du skal sove med open boks på soverommet.. )Det vart mykje betre enn den uferdige sparkelgrå veggen som var der før. Bare litt pynt gjenstår no, så blir det bra


I morgon starter Jærdagen på Bryne, der det i år blir ein stor marknad med lokale kortreiste matvarer. Gler meg stort til det! Og ein tur til Bryne medfører og panoramautsikt til vindmølleparken for dei som kjem nordfrå, så det er vel verdt ein tur :)


fredag 20. mai 2011

Ganske enkelt G9alt

Eg følger med på eit spennande svensk prosjekt for tida, One Tonne Life.Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom energiselskap, husutbyggerselskap, matvarehus, bilprodusent, teknologileverandør, universitet og kommune, samt ein gjennomsnittleg svensk familie.

Denne familien er installert i eit intelligent aktivhus i Stockholm, utstyrt med elbil, og skal prøve å gjennom livsstilsendringar å få sitt årlege CO2-forbruk ned på 1 tonn i året per person, noko som er anslått som det nivået jorda kan tåle på lengre sikt. Familien får heile tida berekna CO2-avtrykket sitt av ekspertar og tilbakemeldingar frå det intelligente målesystemet til huset.

Utgangspunktet deira var på over 7 tonn per person, noko som tilsvarer gjennomsnittsforbruket per person per i dag på verdsbasis. Prosjektet har gått sidan januar, og familien er nå nede i 1,9 tonn utrekna etter siste vekes forbruk. Store delar av reduksjonen er som følge av intelligent og effektivt hus, samt meir miljøvennlige transportalternativ, men det er og interessant å sjå kor stor del av CO2-avtrykket som skyldes matvaner og shopping av diverse dill. Så nå har familien gått inn i konkurransemodus og blitt vegetarianarar på fulltid for å klare målet om 1 tonn innen prosjektet er ferdig om nokre veker

 Ein tankevekkjar det at matvaner gjer så stort utslag. I fjor kjørte me ein vegetarisk februar her i huset, men me burde nok bli meir bevisste sånn generellt på å ha vegetarmat og fisk på bekostning av kjøt.




Inspirert av prosjektet har eg gått til innkjøp av ein energimålar frå Clas Ohlson til den nette sum av 150 kr. Den settes i kontakten for det  apparatet du vil måle. Her hos oss er det varmtvannsberederen som har fått spesiell merksemd. Ser at leverandørane av varmtvannsberedarar oppgir at du kan spare omlag 35% av varmetapet ved å innstallere ein ny. Ein ny beredar for husbruk avgir omlag 70watt, så ein har då i storleiksorden 30-40watt å spare på å bytte den ut. Altså omlag 300 kWh årleg. På berederrommet vårt er det varmt, og dette kjem nok ikkje berre av varmetap frå sjølve tanken, men frå det stykke med ledningar som ligg uisolert. Dei er iallefall skikkelig gode og varme. Tenkte å måle forbruket i ein periode for så å isolere og sjå om det er nokon skilnad. Spennande og enkel underhaldning for heile familien, og ein fin måte å bli meir bevisst på sitt eige forbruksmønster




Ellers så har eg endelig klart å oppdriva LED-pærer av typen G9, så har fått bytta ut dei for lange sparepærene over spisebordet på 7w med LED-pærer på 2,8w. Ikkje all verda å spare her (30kWh ved 5t på daglig), men det var naudsynt for å bevare synet inntakt. Men i forhold til glødepærene på 40w som stod i då me kjøpte lampane, så er det jo litt (270 kWh). Pærene var ikkje så mykje dyrare enn sparepærene heller, og alle monner drar. Og så ser dei ganske kule ut underifrå


fredag 13. mai 2011

Bjørn say potato, I say tomato

Her om dagen kom Bjørn glad og fornøyd heim frå Gjesdal med ein sekk settepoteter, så siste prosjektet har vore å laga et godt gammaldags eplestykkje i eine hjørnet av hagen. Så gutta boys (og litt eg, men eg syns det vart litt tungt å grave opp HQ skvallerkål for hånd. Var litt misunnelig på naboen som hadde leid gravemaskin for helga) svingte spader og greip, lagte fårer og sette i. Blir sikkert hundre kilo poteter av det der, så det blir mykje komler i haust tenkjer eg


I går ettermiddag tok eg turen utover Jæren igjen, denne gong i regi av Natt og Dag urtelag, som eg er medlem av. Turen i dag gjekk til Wiig gartneri på Orre med presentasjon, smaking og handling på timeplanen. Dei driv 50.000 m2 med drivhus der ute, og er kobla på Lyse sitt gassnett. Ikkje den reinaste energikjelda, men dei har då i det minste eit relativ fleksibelt vannbårent system, samstundes som dei nyttar CO2-en frå forbrenninga som mat til plantene. Wiigfamilien er forøvrig medeigarar i det nye miljøgartneriet i Kviamarka, og her er det jo eit meir miljøvennlig oppvarmingssystem med spillvarme frå meieriet. Men det er det fleire av dykk som les dette som kan uendeleg mykje meir om enn både meg og Wiig..



Då eg freidig spurte om dei brukte sprøytemiddel, fekk eg til mi store glede det svaret eg ville ha. Altså er alle tomater, agurkar og paprikaer frå Wiig garantert sprøytefrie :) Dei bruker derimot fleire millionar kroner i året på å kjøpe rovinsekt av ulike slag for å bekjempe skadedyr biologisk. Hurra!(Men eg trur nok dette er gjeldande for dei fleste, om ikkje alle,  tomatdyrkarar i området her) I tillegg har grønsakene frå Wiig kort reiseveg ut til butikkane. Og slik kortreist mat både lukter og smaker mykje betre enn langreist. Så nå i høgsesongen, folkens, fins det ingen unnskyldningar for ikkje å handle norske kortreiste og sprøytefrie grønsaker i butikken! Det er jo og mulig å ta ein tur til eit av gartneria sine utsalg og. Då er det garantert dagsferskt, samstundes som det kan vere ein triveleg tur for både store og små

Forresten så er det Fairtradedag i Østervåg og fargegata i Stavanger på lørdag (14.mai) frå kl 11.00. Kanskje me snakkes?

tirsdag 10. mai 2011

A damned fine cup of coffee

Istaden for å bruke pengar på fleire ting eg ikkje treng, har eg fått det for meg med kurs i det siste. Å gå på kurs og få ein fin opplevelse saman med folk med like interesser, er jo så mykje meir givande ennå sitte heime og ruge på nyinnkjøpte duppedingsar, sjøl om ein fort kan komme heim frå kurs og med nye duppedingsar til sortimentet

Eg er ein sjølerklært kaffielskar, og den seinare tida har eg blitt meir medviten om kaffien sin kvalitet, men uten noko vitenskaplig tilnærming til saka. Til mi store glede har Thomas Jørgensen, tidlegare norgesmester i kaffismaking, slått seg ned i Sandnes med kaffibaren Benk, der han og driv med kursverksemd. Skal du ha ein dugelig kopp med kaffi i Sandnes, så går du på Benk!


Av nysgjerrighet og dels i bærekraftens navn, stilte eg og Beate, som nok er den mest kaffielskande personen eg kjenner, på kaffikurs for å lære meir om denne fantastiske drikken. På Benk satser dei på Direct Trade av kaffi, noko som medfører relativt dyre kaffibønner med høg kvalitet. Då nordmenn gjerne er villige til å betale høg pris for god kvalitet, lager dei små norske kaffibrenneria avtalar direkte med farmar og Cooperativ med krav om høgare kvalitet, og meir bærekraftig drift enn konvensjonelle kaffifarmar. Faktisk så kan konvensjonell drift ha eit vannforbruk på inntil 3000 liter per 50 kg rå kaffi. Med 60 g kaffi per liter ferdig brygg, blir dette då 3,6 liter vatn forurensa i til dømes Panama for at me skal få 1 liter kaffi å drikke i Norge. Og då har eg ikkje teke med i betraktning at bønnene får lågare eigenvekt etter brenninga. Med bærekraftig drift kan ein ifølge Norsk Form komme ned mot 150 liter vatn per 50kg produserte bønner, altså rundt 2 dl per liter drikkeklar kaffi. Farmane Benk handler kaffi med har betre villkår for plukkarar og bønder enn konvensjonell drift, samt at dei i stor grad har bærekraftig drift der skal og fruktkjøtt frå kaffibæra blir resirkulerte til gjødsel, samt at vatnet frå produksjonen blir gjenbrukt til vanning. Det er storveis å ha ein kaffibar i Sandnes der dei ansatte har slike kunnskaper, og bryr seg så mykje om kor kaffien kjem frå

Økologisk og Fairtrade-merka kaffi frå dei store brenneria skal ein nok heller ikkje kimse av, men det har visstnok kome for ein dag at det er problem med å halde kontroll på Fairtradesertifiserte farmar grunna for få inspektørar og for mange farmar. Dette har eg dog ikkje frå sikre kjelder, og eg liker å tru at desse merkingane og intensjonane bak dei er såpass gode, at iallefall brorparten av Fairtrade- og økologisk merka kaffi er dyrka på betre villkår enn konvensjonell drift.

Skal me då i dette landet bruke dei ekstra kronene på kaffi for å sikre bedre villkår for lokalbefolkningen? Ja, det gjeld iallefall meg. Så får eg heller drikke færre koppar når eg plent må ha uvanen med å drikke kaffi. Det beste ville nok vore å ikkje drikka kaffi i det heile tatt, slik at dei heller kunne utnytta plantasjane til matproduksjon? Men kaffifarminga er såklart veldig viktige arbeidsplassar, og eg er usikker på kor mykje anna ein kan dyrka med hell så høgt over havet som det ein kan med kaffi. Og så er det jo så trivelig og så godt at eg ikkje er villig til å gje han opp til fordel for bærekraften.


På kurset testa me forøvrig same kaffi med ulik alder og ulike bryggemetodar, og duverden for ein skilnad! Presskanna tapte så det sang, og er foreløpig parkert i skapet. Harioen er den nye favoritten. Fantastisk med eit kaffilagingsredskap med kun 1 del, korav ingen bevegelige. Ein drøm i forhold til bruk og reinhald, og kaffien brygges rett i koppen på null komma svisj. Me fekk og smaka på ein utruleg god Arabica av typen Geisha. Dette er den kaffitypen i verden som har oppnådd høgast pris i verdsmarknaden nokonsinne. Med ein utsalgspris i Norge frå ca 300kr/250g, blir det ikkje den me skal drikke mest av, men eg er klar for ein pose neste gong det kjem inn eit parti