torsdag 15. desember 2011

Lett å velge rett?

I dag måtte eg hoppe av bussen før eg var framme der eg skulle av fordi eg var så kvalm. Eg blir rett og slett bussjuk pga bråstopp og bråstart, varme, stress og eksos. Og ekstra ille er det i rushtida. Bussen blir ståande i same køen som alle bilane, og eksosen frå bilkøen smyge seg inn i busslufta. Men likevel så held eg på mitt. Bussane går nokså ofte, og dei går dit eg skal til å frå. Det er ekstremt mykje billigare enn å ha ein ekstra bil, og eg liker å tru at det er meir miljøvennlig og sånn totalt sett. Nokre dager er bedre enn andre, men det hender som i dag at bussen blir ståande i stampe og eg blir kvalm. Det er sånne dager eg tenker at aldri meir; nå kjøper eg meg bil.

Det er derfor eg håper at isfrontane i bybanesaken mjuknar opp. Og at alle innser at til tross for vanvittig mykje høgare investerings- og driftsutgifter, så er det mykje meir realistisk å få folk til å ta bybane enn buss. Rett og slett fordi dei ikkje orker å sitte i kø og bli kvalme og eksosforgifta. Dersom folk skal velge kollektivt, må det vere lett å velge kollektivt. Det er nemlig ikkje alle som har like høg buss-stayerpower som meg



Ser med glede at Gunnhild Stordalen har starta ein miljøstiftelse, Greenudge, som skal jobbe for å gjere det lett å velge rett. Grunntanken bak organisasjonen går i at det skal bli enklare for folk flest å gjere dei gode valga i kvardagen. Det er rett og slett det me treng for å bli litt bedre her og nå, i og med at dei store internasjonale avtalane blir skjøvne fram i tid. Eg syns det er flott at ressurs- og pengesterke kjendisar går i bresjen for ein god sak. Dei små endringane i kvardagen er ikkje så sexy i seg sjøl, men kan bli ganske flotte med ein gallionsfigur i front :)


søndag 11. desember 2011

Gode nyheter?

Våkna til gode nyheter frå Durban i dag. Trur eg. Det er søren ikkje lett å skjønne kva som egentlig er bestemt på klimatoppmøtet, men det seiest av Kyotoavtalen (for EU-land)skal forlengast til 2015, det skal opprettast eit grønt fond (...) og at det innen 2015 skal vere ferdigforhandla ein avtale som trer i kraft frå 2020. Dette er gode nyheter siden det virker som både Kina, India og USA er instillt på ein slik avtale. Men me kan jo sleppe ut mykje grums på dei 8 åra fram mot ikrafttredelse tenker eg..

For oss vanlige folk er jo dette kjempevanskelig å følge med på og vurdere. Det er jo ikkje eingong enighet om at klimaendringane er menneskeskapte , og kor alvorlig dette egentlig er. Men eg tenker at dersom det skulle vise seg at konsekvensane av å ikkje gjere noko blir så store som enkelte påstår, så er det dumt å la ver å gjere noko nå når me har sjangsen. Etterpåklokskap synes ikkje som eit alternativ i dette tilfellet. Fant ein fin blogg som diskuterer internasjonal energi- og miljøpolitikk for oss som syns dette er interessant.

tirsdag 6. desember 2011

Mere kull, mere kull og enda mere kull

Årets adventskalender her i gården har fått form av ei lykt som står klar på bordet kvar morgon. Eg har etter inspirasjon frå FIVH prøvd å minimere andel skræl, og istedenfor legge inn ein lapp eller eit hint til dagens aktivitet. I dag låg det inne ein pose mikropopcorn med lovnad om kino etter barnehagen


Og jammen hadde ikkje også barnefilmlerretet kasta seg inn i klimadebatten. I Jul i Blåfjell 2 påvirker husfolk og nisser veret i stor stil. Den onde kullbaronen bles veret kaldt for å selge meir kull, og rødnissane blir litt for ivrige med å blåse veret varmt att. Sånn gjekk nå filmen i grove trekk, med konklusjon til slutt at klimaet har det best uten for stor innblanding. Og kullgruvene vart til slutt nedlagt til beste for alle etter iherdig innsats frå mosetussen. Filmpremiere samtidig med klimaforhandlingar i Durban var nok ingen tilfeldighet! Med andre ord ein vellyka kinokveld både for mor og sønn :)

fredag 2. desember 2011

Selvgjort er velgjort

Med kjøkken sånn nokonlunde på plass (bortsett frå alle detaljane), er kvardagen på vei tilbake. Me endte opp med induksjonstopp. Men me kasta ikkje den gamle keramiske ovnen av den grunn. Den fungerte på nødkjøkkenet vårt i kjellaren i byggeperioden, og nå har Sindre fått ein fast installert 60x60x90 smørbrødgrill i kjellaren. Så då fulgte me Enova sitt råd tross alt, om å ikkje kaste ein steikeovn som virker  :) Me valgte og å behalde dei gamle overskapa frå1959, slik at me sparte litt materialer. Med litt maling vart dei rektig så snasne


Forrige veke fekk me tatt opp siste rest av avlinga frå hagen. Utav det fekk me potet- og jordskokkpuré, samt rosenkål, som vart tilbehør til ribba (som desverre ikkje får same gode klimastempel)

Jordskokkane var ganske kule egentlig. Den eine ligna på Knerten. Tar med eit bilde av rosenkålplanten og. Den var faktisk veldig fin. Og bildet er tatt ute i hagen i slutten av november!

fredag 7. oktober 2011

Kjøkkenlaust eingongsliv og pengar spart

Den siste månaden og litt har me vore uten funksjonellt kjøkken. Me har gått over til eingongsservise og bestikk denne perioden, og eg gremmes over kor fort restavfallet fylles opp. Det er ikkje alltid like greit å få sortert tallerkar og bestikk fulle av matrestar, iallefall ikkje etterkvart som me er skikkelig leie av å leve i kaos og rot. Då blir det fort til å ta søppelbøtta ut i stova og rydde av bordet med eit sveip over bordet og ned i bøtta. Resten av sorteringa har ikkje heller vore på topp, då vasken på det lille badet vårt ikkje er dimensjonert for å spyle ut matrestar.

Torsdag morgen hørte eg det eg trudde var søppelbilen utanfor, og fekk panikk då eg kom på at me hadde glømt å sette ut den svarte dunken. For den var meir enn full, og ein måned til neste tømming. Heldigvis tok eg feil, og me fekk sett ut dunken før søppelbilen kom. Så då har me heldigvis ein stad å gjer av søppelberget som vil vere ein realitet fram til kjøkken er i orden att. Aldri før har eg gleda meg så mykje til å kunne kildesortere. Og til dykk som framleis trur at det ikkje er vits i å kjeldesortere: Her om dagen kviskra ein liten fugl meg i øyret at renoveringssystemet her i sørRogaland kjem veldig godt ut klimamessig nettopp på grunn av den svært høge materialgjenvinningsgraden. Sortert avfall er ein svært viktig og verdifull ressurs

Ellers så har eg no fått målt energiforbruket vårt til varmtvatn ein ganske lang periode. Ca midt i perioden var eg nede og isolerte dei tidligare uisolerte røyra, for å sjekke om det hadde nokon effekt. Det skal nevnas at eg neppe består nokon svenneprøve med den isoleringa, men det var mest for eksperimentet sin del, og eg har planer om å gjer det skikkelig, for det har faktisk hatt effekt. Før isoleringa hadde med eit gjennomsnitlleg døgnforbruk på 8,5kWh, og etterpå har me gått ned til 7,4kWh. For ordens skyld så har eg trekt ut perioden me var på ferie frå reknestykket, så det er periodar med likt forbruksmønster som er målt.  Dersom me rekner ein totalpris inkl nettleige på 1kr/kWh, vil mitt lille tiltak spare oss for ca 400 kr i året, og ein meter med isolasjon inkl tetteclips og teip på Clas Ohlson kostar omtrent 85 kr, så eg tenke eg skal avgårde etter clips og teip for å få gjort det skikkelig :)

fredag 29. juli 2011

Ta en potet

Det føles rart å skulle skrive om heilt vanlege ting i desse tider, men som Jens og mange med han har sagt, så er det ekstra viktig no å halde fram med det som ein er engasjert i og trur på

Då me kom heim frå sommarferie, var plantene i eplestykkjet begynt å få brune flekkar. Det var Bjørn som oppdaga det, men det vart ikkje rapportert vidare til meg før ei stund seinare. Med ein trassaldring og ein baby i hus er det ikkje alltid hagen som står i fokus, særdeles ikkje i regnver, men i dag fekk eg iallefall megt meg til å innkalle potetkonsuleten (les: svigerfar) lenger nede i gata for ei befaring. Han såg med ei gong at dette var tørråte, som eg hadde frykta. Ifølge ekspertisen er det då berre ein ting å gjer, og det er å rive vekk mest mulig av der infiserte blada og håpe på tørt ver og mest mulig grønt bladverk så lenge som råd. Så lenge det fins grøne blad, veks potetene i jorda. Eg ressonerte meg fram til at tryggaste måte å kvitte seg med det infiserte bladverket var i bioposar i brun dunk for ikkje å gjennomsyre heile hagen med tørråtesporer. Eg håper IVAR tilgir meg om dette ikkje var nokon god ide..Hadde eg vore føre var, så kunne eg ha sett på VIPS at tørråtevarselet for Rogaland er rimelig rødt. Men kva visste vel eg om potetdyrking.


Dessuten så hadde eg ikkje kunna gjort så mykje uansett. Einaste middelet mot tørråte er å sprøyte med Mankozeb, og sprøytemiddel skal ikkje inn i min hage.Særlig ikkje etter at eg las i rapport på heimesidene til FIVH at barn av potetbønder har 60% høgare sjangs for visse medfødte misdanningar enn andre barn. Heldigvis blir det sprøyta mindre no enn før, då eg får inntrykk av at ein nå sprøyter når det er varsla gode vekstvillkår for soppen, og ikkje sånn heile tida og for sikkerhets skyld som det vart før. Likevel er det ein tankevekkar at det blir brukt enorme mengder av Mankozeb  i landet vårt



Foreløpig har vår potetdyrking skjedd etter prøve- og feilemetoden, og med tørråte som faktum, må den delen av hagen brukast til andre vekster enn poteter i minst 4 år.. Men dei som har meir erfaring har jo funne ut kva potetsorter som har best motstand mot tørråte i bladverk/knoll og i forhold til klima dei skal vekse i. Me har planta Kerrs Pink fant eg nettopp ut, og den er ein sein sort med dårlig motstand mot tørråte i bladverket. Forhåpentligvis tar ikkje sjølve knollane så stor skade likevel. Og dei har blomstra, så potetene kan i teorien snart tas opp, sjøl om det var mykje smått der. I nord-norge og på fjellet i sør-norge kan neste alle potetsorter dyrkast økologisk utan problem, men det er verre her i våte vest. Eg bøyer meg i støvet for potetbønder som får til dette økologisk i vår del av landet, og eg skal aldri meir rynke på nasen av prisen på økologiske poteter.



I løpet av ferien har hagen vår kome opp med enorme mengder biomasse, og i forbindelse med uttynnig av bladverket i eplestykkjet, tok eg og opp ein del høymole (eller noko som ligna). Nokre av desse røtene var fulle av små blåaktige insekt. Dei var jo litt ekle, men og fascinerande. Spennande å sjå korleis små økosystem lever sitt eige liv der ute på dei små kvadratmetrane hageflekk midt i Sandnes. Nokon som veit ka insekt dette er og om dei er til fordel eller ulempe for planten? Mesteparten av høymolen var like flekkete og stygg som ein del av potetlauvet

torsdag 30. juni 2011

Spede spira lyt få stå

Det florerer av reklame i avisa for tida med butikkar som ønsker at eg bruker feriepengane mine hos dei. Og det er salg i heile Sandnes på alt mulig. Alle vil at eg ska kjøpa kjøpa kjøpa. Treng eg virkelig meir ting inn i huset til sommaren? Så i dag har eg heller blitt heime for å rydde i alt rotet som me egentlig ikkje har plass til. Eg har hørt at viss du eig meir enn åtte ting, så eig tinga deg. Isåfall er eg ein stakkars fanga sjel. Og eg handler jo ikkje SÅ mykje, gjer eg? Heilt ufattelig kossen det hoper seg opp. Har planer om å lage om roterommet til dobbelt gutterom til hausten, så det er mange ting der oppe som treng nye eigarar etter kvart er eg redd. Dagens fangst så langt er ei stor øskje med klær og leker til Fretex. Det står allerede to øskjer med kjøkkenutstyr i garasjen, så eg håper virkelig det er nokon som får glede av desse tinga etter at me får levert dei frå oss. Me jobber med å skifte ut den gamle kjøkkeninnredninga frå 60-talet (Det må vel ver lov når det har hatt så lang og tru teneste?), og eg prøver å overbevise dei andre om at me kan klare oss uten nye overskap. Det er derfor eg har prøvd å sile ut det me ikkje treng. Så sparer me lett to overskap. Heilt idiotisk å handle inn ekstra møbler for å få plass til alt rælet som me egentlig ikkje har bruk for. Det seier jo sitt om kva overflod me lever i. Trur det er viktig å reflektere litt over det av og til. Som til dømes i dag



Elles så har eg kasta meg på spirebølga. Å spire frø og bønner i ølglas på kjøkkenbenken er ei dyrkingsform som alle kan klare. Hell på frø/bønner og vatn, ha over aluminiumsfolie. Skift vatn med jevne mellomrom og et når dei er sprunge ut av frøskalet. Krever kun romtemperatur, og vil gjerne ha det litt mørkt. Eller lyst, alt ettersom. NASA omfavna denne metoden for dyrking ombord på romskip slik at astronautane skulle ha friske grønsaker og tilgang på viktige næringsstoff. Me hadde ein fin vegetarmiddag i går med heimelaga falafler, nanbrød og couscous med mungbønnespirer. Til og med Bjørn likte det :) Men nå har søren meg spiring og blitt farleg. E-coli herjer Europa, og myngdighetene anbefaler at all spiring opphører med umiddelbar virkning..  Det tryggaste er vel snart å ikkje ete i det heile tatt eller nøye seg med steikt kjøttdeig uten tilbehør